Hopp til innhald

Fleire fakta om diabetes

Her finn du nokre fakta om diabetes, henta frå Norsk Diabetesregister.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Diabetes mellitus er den vanlegaste stoffskiftesjukdommen.
  • Diabetes tyder «noko som renn gjennom». Uttrykket viser til dei store urinmengdene ein får ved ubehandla diabetes.
  • Mellitus viser til den søtlege, honningaktige smaken urinen har ved diabetes.
  • Diabetes mellitus blei tidlegare kalla sukkersjuke på grunn av dei store mengdene sukker i blodet og urinen. I dag bruker vi ikkje dette namnet lenger, for problemet er ikkje sukkeret, men mangelen på insulin.
  • Det er i dag rundt 265 000 personar med diabetes i Noreg.
  • Av desse har rundt 25 000 type 1-diabetes, medan resten har type 2-diabetes.
  • Rundt halvparten av dei med type 2-diabetes har enno ikkje fått diagnosen, og dei lever i dag med diabetes utan å vite det.
  • Årleg får mellom 6000 og 7000 nordmenn diabetes. 600 får diagnosen type 1-diabetes, av dei er ca. 250 barn under 15 år.[1]
  • Resten – mellom 5000 og 6000 personar – får type 2-diabetes. Det finst ikkje sikre tal for førekomsten av type 2-diabetes blant dei under 30 år, men det er svært sjeldan at personar under 18 år får type 2-diabetes.
  • På landsbasis er det registrert færre enn 100 personar under 18 år med type 2- diabetes under 18 år (og færre enn 50 personar under 15 år). Mange kan ha type 2-diabetes utan å vere klar over det, så førekomsten av sjukdommen kan vere høgare.
  • Type 1-diabetes – også kalla insulinavhengig diabetes – oppstår i alle aldersgrupper, men er mest vanleg hos barn, ungdom og unge vaksne.
  • Type 2-diabetes – ikkje-insulinavhengig diabetes – rammar for det meste personar over 40 år, men stadig yngre menneske får type 2-diabetes.
  • På verdsbasis reknar vi med at 246 millionar menneske har diabetes. Prognosane tyder på at dette talet er dobla innan 2025. [2]
CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017