Hopp til innhald

Anundsen-metoden

«Dei politiske prosessane vil bli meir opne», står det i regjeringa si tiltredingserklæring. Det hadde vore interessant å høyre kva justisminister Anders Anundsen legg i dette løftet, om det berre hadde vore råd å finne han.

Justisminister Anders Anundsen  blir intervjuet av journalister. Foto.
Mange journalistar ønskjer å få eit klart svar frå justisminister Anders Anundsen.

Mediekommentar av Sven Egil Omdal

I Justisdepartementet er det mange rom. Det er lett å stikke seg vekk for ein minister som ikkje vil bli funnen, som ikkje vil uttale seg, og som i alle fall ikkje vil la seg – skrekk og gru – intervjue.

«Justisministeren som gjemmer seg», skreiv Aftenposten på leiarplass siste veka i januar. Avisa var hard i klypene: Mønsteret er «pinlig klart», Anundsen «svikter sin rolle som statsråd». Ja, det er faktisk «en uholdbar linje justisministeren har lagt seg på når han gjemmer seg ved enhver antydning til kritikk», meinte avisa.

Til liks med mange andre var Aftenposten begeistra for Anders Anundsen då han var leiar for kontrollkomiteen i Stortinget. Då var det såre enkelt å få han i tale. Han var høfleg imøtekommande når journalistane ringde, og blei raskt ein slags medieyndling. Men så forsvann han inn i openheitsregjeringa og blei heilt borte. Det siste sporet etter han er meldinga han la ut på Facebook der han brann Tønsbergs Blad og lova aldri å ha noko meir med avisa å gjere.

Så skulle det vise seg at denne trusselen ikkje berre gjaldt lokalavisa, men alle medium. Ikkje ville han la seg intervjue då Aftenposten i november skreiv ein viktig serie om vald mot barn. VG prøvde i fem dagar å få han til å snakke om Krekar-saka utan å lykkast, men det bleiknar mot Bergens Tidende, som i over 50 dagar forsøkte å intervjue han om utsendinga av dei mange lengeverande asylbarna. På Dagsnytt 18 og i NRKs Debatten er det blitt ein fast del av innannonseringa å seie at «justisministeren er invitert til å delta, men har avslått».

Mange har prøvd denne taktikken før, men knapt nokon har utvikla han til ei slik kunstform. Det vi ser, er «Anundsen-metoden», eit systematisk forsøk på å fjerne den delen av ein statsråd sitt virke som består i å forklare og forsvare politikken sin for borgarane. Dei har ikkje alle stemt på han, men dei er alle underlagde myndigheita hans, og har eit legitimt krav på å kunne forstå kva han held på med.

Anundsen-metoden rommar mange fikse variantar. Først gjeld det å ha ei skikkeleg forsvarsrekkje av informasjonsrådgjevarar som sørgjer for at ingen kjem i direkte kontakt med statsråden. Dei stramme folka med propp i øyret som alltid følgjer den amerikanske presidenten, skal sørgje for at ingen skyt han. «Take a bullet for the President», seier dei. Rådgjevarane rundt den norske justisministeren har som oppgåve å hindre at nokon journalist får han direkte i tale, «take a question for the minister».

Skulle journalisten klare å formulere noko som faktisk fortener eit svar, kjem det ikkje munnleg, med opning for oppfølgjingsspørsmål, som ofte er dei viktigaste i eit intervju. «... svarar departementet i ein e-post», er blitt ein stadig meir vanleg måte å oppgi kjelda på. Ikkje lenger eit intervju, berre eit departementalt dekret, via Outlook.

Men metoden er mykje meir avansert enn dette. Nokre gonger blir det berre stille, andre gonger passar det ikkje å gi noko svar, og så har vi denne favoritten: «Statsråden kan ikkje svare då han er på reise i utlandet.» Utlandet er openbert ein stad der dei enno ikkje har fått telefon.

Så ventar journalistane tolmodige, men når Anundsen kjem heim, er han framleis taus som en trappistmunk med halskatarr. Om tale er sølv, er Anundsen 24 karats gull. Ingenting får vi ut av han, ikkje så mykje som ei lita regjeringserklæring om kor ope samfunn vi skal få.