Hopp til innhald

Fangst av smådyr med håv

Sommarfuglhåv

Sommarfuglhåv med lett ramme og nett. Foto.
Sommarfuglhåv

Desse håvane bruker vi til å fange flygande insekt som sommarfuglar, augestikkarar og årevengjer. Håvane er lette og smekre slik at dei kan førast hurtig gjennom lufta. Det som oftast gir resultat, er å føre håven mot insektet frå undersida og helst bakfrå. Når insektet er fanga i nettet, vrir vi håven slik at insektet ikkje kan fly ut, og deretter fangar vi det i eit glas som vi fører ned i nettet. For å fange nattaktive flygande insekt er det viktig å bruke lys i kombinasjon med håv sidan dei søkjer mot lyset.

Slaghåv

Slaghåv med ramme og nett. Foto.
Slaghåv

Slaghåven skil seg frå sommarfuglhåven ved at han er mykje kraftigare og solid. Dette er viktig sidan han blir brukt til å slå fort og kraftig fram og tilbake ned i vegetasjonen for å fange smådyr som insekt og edderkoppdyr i felt- og busksjiktet. Etter nokre ”drag” med håven sjekkar vi innhaldet, og dei dyra som er fanga, kan vi plukke opp med pinsett eller insektsugar og putte på glas som vi merkjer.