Hopp til innhald

Feller

Fallfeller (barberfeller)

Barberfelle. Illustrasjon.
Barberfelle

Fallfeller bruker vi til å fange aktive smådyr som biller, kortvengjer og edderkoppdyr på bakken. Fellene lagar vi ved å grave ned små beger (syltetøyglas, rømmeboksar etc.) på ein slik måte at den øvre kanten av begeret er i same høgda som jordoverflata. Fella kan fyllast med eit konserveringsmiddel (vatn og glykol), men dersom vi tømmer fellene ofte, er det tilstrekkeleg å ha litt vatn tilsett såpe i botnen av begeret. Det kan vere lurt å lage eit tak 10–20 cm over fella for å verne det mot nedbør.

Vindusfeller

Vindusfelle av blankt glas og takrenner. Illustrasjon.
Ei enkel vindusfelle laga av blankt glas og takrenner

Vindaugsfeller er feller som består av gjennomsiktige flater vi set opp som ei hindring. Når insekta flyg mot hindringa, vil dei ikkje oppdage henne før det er for seint, slik at dei vil ramle ned i ein oppsamlingsbehaldar. Den enklaste forma for vindaugsfelle kan byggjast ved at vi har ei gjennomsiktig flate med ei takrenne på kvar side. I takrenna kan vi fylle ei konserveringsvæske. I ei litt meir avansert felle kan vi ta to plater pleksiglas og setje dei i kross ned i ei trekt med ein oppsamlingsboks under. I boksen kan vi ha konserveringsmiddel dersom fella skal stå ute ei stund. Viss vi sjekkar fella ofte, er det nok å ha i vatn med litt såpe.

Fargefeller

Mange insekt blir tiltrekte av fargar, og då spesielt gul og blå. Ved å setje ut tallerkenar (djupe) eller baljer med vatn som er tilsett litt såpe i desse fargane, kan vi fange smådyr. Det vil vere ein fordel å plassere dei på opne område, for eksempel ei eng.

Malaisefelle

Malaisfelle for insekter. Foto.
Malaisefelle

Malaisefelle er ei teltliknande felle som vi bruker til å fange flygande insekt. Teltet er forma slik at det berre har vegger i endane, og at det ein skiljevegg midt i teltet. Fella er vidare konstruert slik at det høgaste punktet endar opp i eit røyr som fører til ein oppsamlingsbehaldar med eit konserveringsmiddel. Når då eit insekt flyg inn i teltet, vil det møte skiljeveggen, og sidan dei fleste dyr søkjer oppover når dei møter ei hindring, vil dei på grunn av denne åtferda kombinert med fellekonstruksjonen ende opp i behaldaren i toppen.