Hopp til innhald

Natrium

Natrium blir i daglegtale omtalt som salt. Natrium er naudsynt for kroppen vår i små dosar, men mange får dessverre i seg for mykje.
Ordet "salt" skrive i ein haug med salt som er tømt ut på eit bord. Ei saltbøsse står ved sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Natrium

Natrium er naudsynt

  • for å halde oppe ein normal trykkforskjell mellom innsida og utsida av celleveggane, og er derfor naudsynt for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene
  • for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt
  • for å regulere pH-balansen i kroppen

Anbefalt mengde

Mangel på natrium er svært uvanleg i Noreg. Nesten alle matvarer inneheld noko natriumklorid, men det er mest i dei matvarene som smaker salt. Vaksne menneske treng berre 1–2 gram, men i dag får vi ofte i oss meir enn anbefalt mengde.

Eit høgt saltinntak kan vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk. Auka blodtrykk over tid kan føre til hjartesvikt og væskeoppsamling i kroppen. Helsedirektoratet rår oss derfor til å redusere saltinntaket til fem gram dagleg. Dette svarer omtrent til éi teskei.

Sveitte inneheld òg noko salt, så når vi sveittar mykje, treng vi meir salt enn vanleg.

CC BY-NC-SASkrive av Nils H. Fløttre, Øyvind Høie og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019