Hopp til innhald

Vitamin A

Vitamin A blir lagra i levra, der det blir frigjort etter behov. Dersom tilførselen er jamn og rikeleg, kan lageret bli så stort at det dekkjer behovet i månader eller år framover.

Vitamin A er ei samnemning på fleire liknande stoff som vi treng for

  • å oppretthalde eit normalt godt syn (særleg mørkesyn)
  • å vekse normalt og for normal beindanning
  • å vedlikehalde hud og slimhinner
  • å ha motstandskraft mot infeksjonar
  • å utvikle hormon

Mangel på vitamin A merkar ein i første rekkje ved at ein blir nattblind – at ein ser dårleg i tussmørke og lett blir blenda av sterkt lys. Eit anna teikn på vitamin A-mangel er stadige forkjølingar og infeksjonssjukdommar. Mangel på vitamin A er sjeldan i Noreg, men er utbreidd blant barn i utviklingsland.

For store dosar med vitamin A kan føre til forgifting, og symptoma er at vi blir slappe, får vondt i hovudet, kastar opp, og at huda blir tørr og flassar av. For å unngå vitamin A-overdose bør vi unngå å ta kosttilskot som inneheld vitamin A samstundes som vi tek tran eller multivitamin.

Meieriprodukt med feitt i, feit fisk, egg og lever frå alle typar dyr er rike på vitamin A. Dessutan blir karoten, som finst i grønsaker med sterk farge (for eksempel gulrøter, grønkål, brokkoli, paprika, salat, spinat), gjort om til vitamin A i kroppen. Ei teskei tran dagleg gir nok vitamin A for alle aldersgrupper.