Hopp til innhald

Vitamin E

Vitamin E verkar som ein antioksidant i kroppen og bidreg til å verne cellene våre og halde dei friske. Vitaminet er med på å verne feittet i celler og vev mot skadeleg nedbryting og celleskadar. Vitamin E hindrar òg oksidering av vitamin D og A.
Plantemargarin, planteoljer, nøtter og frø på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mangel

Mangel på E vitamin er sjeldan. Det rammar først og fremst for tidleg fødde barn og personar med sjukdommar som gir dårleg opptak frå tarmen. Mangelen kan føre til svakare musklar og nedsett smerte- og berøringskjensle.

Kjelder til vitamin E

Gode kjelder til vitamin E er mjuk margarin, sammale mjøl og brød, vegetabilske oljer, avokado, egg, nøtter og tran. Vitamin E oksiderer svært lett, særleg ved oppvarming og kontakt med lys og luft, og blir raskt øydelagt ved djupfrysing.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes, Nils H. Fløttre og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2020