Hopp til innhald

Løysingsforslag – Medisinsk bruk av bioteknologi

  1. Bioteknologi omfattar tradisjonelt all bruk av levande organismar til å lage produkt som er nyttige og nødvendige for oss.
  2. DNA-typing (fingeravtrykk, identifisering) og diagnostikk (kartlegging av sjukdomsgen)
  3. Det er berre godkjende institusjonar som kan utføre gentestar, og då berre til medisinske og kriminaltekniske formål.
  4. Ved kunstig befruktning (assistert befruktning) skjer befruktninga utanfor livmora. Når det befrukta egget har delt seg to gonger og embryoet har nådd firecellestadiet, kan ein gjennomføre ein gentest for å sjå om embryoet har genetiske sjukdommar.
  5. Celler som ikkje er spesialiserte, kan fornye seg og gi opphav til mange ulike celletypar.
  6. Kjelda for pluripotente stamceller er embryo og aborterte foster.
  7. Navlestrengblodet inneheld ein høg konsentrasjon av multipotente stamceller som kjem frå fosteret.
  8. Kjernen i eit ubefrukta egg blir fjerna og erstatta med ein kjerne frå ei vanleg kroppscelle. Dersom alt går bra, vil egget utvikle seg til ein blastocyst som etter ei vanleg befruktning. Dersom blastocysten blir brukt som kjelde for stamceller, blir det kalla terapeutisk kloning (kloning som har som formål å lækje pasientar).
  9. Ein fjernar kjernen i eit ubefrukta egg og set i staden inn kjernen frå ei vanleg kroppscelle. Dersom egget utviklar seg som ved ei normal befruktning, kan blastocysten setjast inn i ei livmor og utvikle seg til ein ”kopi” (ein klon) av det individet som cellekjernen opphavleg høyrde til.
  10. Ved kjerneoverføring blir ei eggcelle endra slik at ho får kjernen (gena) frå ei vanleg kroppscelle, mens ved embryosplitting blir eit embryo på fire- til åttecellestadiet