Hopp til innhald

Løysingsforslag - Gen og protein

Dette er løysingsforslag til Høyr deg sjølv-oppgåvene om Gen og protein.

  1. Eit gen er ein bit av eit DNA-molekyl som inneheld ein instruks som cellene bruker for å kunne produsere eit bestemt protein.
  2. Kva slags gen som er aktive er avgjerande for aktiviteten i ei celle. Dei avgjer kva for protein som skal produserast, og proteina spiller viktige roller blant anna i oppbygning, forsvar, regulering og transport i kroppen.
  3. Utvalet, rekkjefølgja og mengda av dei ulike aminosyrene avgjer eigenskapane til eit protein.
  4. I ein menneskekropp er det om lag 100.000 forskjellige protein som alle har sine bestemte oppgåver å utføre.
  5. Det er 20 ulike aminosyrer som er byggesteiner i kroppen vår.
  6. Miljøet og funksjonen til cella styrer kva for gen som skal vere aktive.
  7. I DNA finnast det fire ulike typar nitrogenbasar: adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C).
  8. Ein serie på tre basar (triplett) utgjer eit kodon som er koden for ei bestemt aminosyre.
  9. Eit nukleotid er ei eining i DNA som består av ei fosfatgruppe, eit sukkermolekyl kalla deoksyribose og ein nitrogenbase (A, C, T eller G).
  10. Proteinsyntesen skjer i ribosoma som kan ligge fritt i cytoplasmaet, eller på overflata til plasmanettverket.
  11. Når eit gen på eit kromosom skrivast av (transkriberast), endrast koden frå DNA til RNA. Oppskrifta (huskelappen) som sendast ut i cytoplasmaet til ribosoma, kallast mRNA (messenger-RNA).
  12. Transport-RNA, tRNA, finnast i cytoplasmaet og transporterer aminosyrer til ribosoma, kor proteinsyntesen går føre seg.
  13. DNA er dobbelttråda mens RNA er enkelttråda.
    DNA har nitrogenbasane adenin (A), tymin (T), guanin (G) og cytosin (C). RNA har tre av dei same basane, men har urasil (U) i staden for tymin.
    DNA har sukkeret deoksyribose i sidevangene, mens RNA har sukkeret ribose der.
    RNA kan passere kjernemembranen, men det kan ikkje DNA.
  14. mRNA er definert som "Den genetiske koden". Den genetiske koden er universell. Det betyr at det er den same i alle levande organismar.
  15. Polypeptidkjeda må formast og foldast ved hjelp av bindingar mellom aminosyrene for at det skal bli eit aktivt protein. Proteinet blir ferdig forma og får sin struktur i golgieapparatet..