Hopp til innhald

Løysingsforslag - Hydrogen som energibærar

  1. Hydrogen finnast ikkje fritt på jorda i nyttige konsentrasjonar.
  2. Dersom hydrogen framstillast ved hjelp av fornybare energikjelder unngår ein utslepp av CO2 til atmosfæren. Forbrenning av hydrogen gir berre utslepp av vatn. Hydrogen er problematisk i lagring. Det tar mykje plass og er brennbart.
  3. I laboratoriet kan vi la saltsyre reagere med sink i metallisk form. Ved elektrolyse av vatn får vi hydrogen og oksygen ved elektrodane. Nesten all hydrogen til kommersiell bruk blir framstilt frå metangass.
  4. Energikjede brukast om vegen energien tek frå ein primær energikjelde (for eksempel sola) til elektrisk energi i eit batteri. I kvart ledd i energikjeda går det føre seg ei energioverføring. Det vil seie at energi skifter form. Frå for eksempel solenergi→Elektrisk energi i ei solcelle.
  5. Vi kan ”hauste” energi frå energikjelder. Eigentleg er våre einaste energikjelder sola og kjerneenergi, med vi seier og at bl.a. dei fossile energikjeldene (olje, gass, kol), vind, vatn, bølgjer er energikjelder. Ein energiberar er noko vi kan bruke for å frakte energi frå ein stad til ein annan. I dag er fossile energiberarar og elektrisitet einerådande.
  6. Hydrogen er ein energiberar fordi vi ikkje har fritt tilgjengeleg hydrogen. Hydrogen må framstillast ved hjelp av energi, og hydrogen blir dermed berre eit reiskap for å frakte energi.
  7. I ein bil bør hydrogen lagrast billig og stabilt. Dette oppnåast ved å lagre hydrogen i komprimert form i ein trykktank. Lagring i metallhydrid blir for komplekst og dyrt. Det same gjeld for lagring i nedkjølt tilstand vil krevje eit kjøleanlegg i bilen for å halde hydrogen flytande.
  8. 2H2+O2→2H2O