Hopp til innhald

Løysingsforslag – biomasse som energikjelde

  1. Med biomasse meiner vi materiale som er eller som har vore levande.
  2. I fotosyntesen utnyttar planter energi frå sola, slik at vatn og karbondioksid reagerer med kvarandre. Det blir danna druesukker og oksygen. Når vi brenn noko, går prosessen den motsette vegen: Oksygen reagerer med det som er brennbart, og det blir danna karbondioksid, vatn og energi.
  3. Biomasse blir rekna som ei fornybar energikjelde viss vi ikkje bruker meir biomasse enn det omtrent tilsvarer tilveksten. Det er ikkje nødvendigvis så lett å halde oversikt over dette, sidan tilvekst av biomasse ikkje skjer med ein gong. Det tek for eksempel mange tiår før ein skog veks opp att etter hogst.
  4. Med konvensjonelt biobrensel meiner vi brensel som blir framstilt frå råstoff som også kunne vore brukt til mat og dyrefôr. Avansert biobrensel blir framstilt av restar og avfall frå landbruk, skogbruk og hushald.
  5. Ubehandla biomasse bruker vi som han er. Det kan vere flis, ved og torv. Biomasse som blir foredla vidare kan vere i fast form som pellets og trekol, eller flytande som biodiesel og bioetanol.
  6. For å lage biodiesel kan vi ta utgangspunkt i kva planteolje som helst, som for eksempel rapsolje eller palmeolje.
  7. Dersom vi tek ut meir biomasse enn det som svarer til tilveksten, vil ikkje biobrensel lenger kunne reknast om fornybart. I ein slik situasjon vil det sleppast ut meir karbondioksid enn det som blir teke opp av plantene. Det er også problematisk viss biodrivstoff blir dyrka på landområde som kunne vore brukte til matproduksjon eller område som har høg biologisk verdi, som for eksempel regnskogområde.
  8. Når vi brenn biodrivstoff, vil karbondioksid bli frigjord. Hvis vi ikkje bruker meir biodrivstoff enn det som svarer til tilveksten, så vil det vere ein nokså god balanse i kor mykje karbondioksid som blir sleppt ut, samanlikna med kor mykje som blir teke opp av planter. Når vi brenn fossile brensel, blir karbondioksid, som har vore lagra sidan det blei botna av algar for millionar av år sidan, frigjord. Dette karbondioksidet kjem dermed i tillegg til det som er ein del av det korte kretsløpet som biobrensel er ein del av.