Hopp til innhald

Løysingsforslag – varmepumper

  1. Varme er definert som energioverføring frå ein lekam med høgare temperatur til ein lekam med lågare temperatur.
  2. Temperatur seier noko om kor mykje enerig noko har. Høgt trykk og høg rørsleenergi for molekyl i eit medium gir høg temperatur. Lågt trykk og låg rørsleenergi gir låg temperatur.
  3. Kokepunktet til vatn er avhengig av trykk. Ved lågare trykk vil kokepunktet og bli lågare. Ved å senke trykket tilstrekkeleg kan vi få vatn til å koke ved romtemperatur.
  4. Vi trykkjer molekyla i gassen tettare saman slik at vi får ein større tettleik av energi. Auka energitettleik gir auka temperatur.
  5. Kondensasjon er prosessen når eit stoff går frå gassform til væskeform. Det blir firgjeve energi til omgivnadene. Eksemplar: Vatndamp kondenserar til vatndråpar i dusjen. Vatndamp i lufta stig opp, blir avkjøla til vatndråper som danner skyar.
  6. Når trykket går ned vil det bli større avstand mellom molekyla, dermed blir energitettleiken og mindre. Dette tyder at temperaturen vil søkkje, og om den søkk nok kan vi få kondensasjon av gassen til væske.
  7. I fordamparen kokast væska og går over i gassform. Overgangen frå væske til gass treng energi, og denne hentast frå omgivnadane som varme. Kompressoren er ei pumpe som aukar trykket i gassen. Når trykket i gassen aukar, blir det større temperatur i gassen. I kondensatoren skjer det ein faseovergang frå gass til væske. I kondensasjonsprosessen givast det varme til omgivnadane. I ventilen minskast trykket i ein gass eller i ei væske. Når trykket søkk minskar temperaturen.
  8. Varmen kan hentes frå grunnvatn, innsjøar, elver, hav og bakken. Varmefaktoren fortell oss kor mange gonger meir varme vi får inn i huset i høve til den elektriske energien varmepumpa brukar for å drive denne prosessen.
  9. Varmefaktoren fortel oss kor mange gonger meir varme vi får inn i huset i forhold til den elektriske energien varmepumpa bruker for å drive denne prosessen.
  10. Ei varmepumpe kan redusere den totale energibruken til oppvarming. Spesielt om alternativet er rein elektrisk oppvarming.