Hopp til innhald

Løysingsforslag - Stråling frå verdsrommet

Her finn du kortfatta forslag til svar på Høyr deg sjølv-oppgåvene om Stråling frå verdsrommet.

  1. Med kikkerten kunne Galilei observere ei stor mengd stjerner. Han observerte og Venus i ulike fasar, solflekker, fjell og krater på månen, ringane rundt Saturn og fire av Jupiter sine månar. (Wikipedia)
  2. Høgt over havet er atmosfæren tynnare, og langt frå folk er lysforureininga frå kunstige lyskjelder mindre. Begge deler gjer at observasjonane blir betre.
  3. Romteleskop blir ikkje forstyrra av jordatmosfæren, og dei kan observere i lengre tid om gongen, i og med at dei ikkje er så styrt av natt og dag, slik vi er på jorda.
  4. Ved å sjå på kva for del av spekteret til stjerna som har størst intensitet, kan vi finne temperaturen. in blåleg stjerne er varmare enn ei raudleg.
  5. Ved å studere absorpsjons- og emisjonsspekter kan vi sjå kva slags stoff (gassar) som sender ut eller absorberer lyset.
  6. Eit emisjonsspekter er samansett av smale band med lys, mens eit absorpsjonsspekter er eit spekter som manglar lys nokre stader; det har svarte striper.
  7. Vi kan få informasjon om kva slags grunnstoff dei er samansett av.
  8. Radiobølgjer frå verdsrommet har gitt oss kunnskap om pulsarar og kvasarar, og vi har oppdaga spor av organiske molekyl.
  9. Stjerneformørking er når ein planet passerer forbi ei stjerne. Ved å sjå på eigenskapane til endringane i lyset, kan vi finne ut noko om eigenskapane til planeten.
  10. Ein kefeide er ei pulserande stjerne. Samanhengen mellom lysstyrke og puls er kjend, og dermed kan vi bruke kefeidar til å finne avstandar i universet.