Hopp til innhald

Løysingsforslag - Bruk av ioniserande stråling

Her finn du kortfatta forslag til svar på Høyr deg sjølv-oppgåvene om Bruk av ioniserande stråling.

  1. Med aktivitet meiner vi kor mange atomkjernar som eksploderer per sekund. Måleeininga er becquerel (Bq), og nemninga er 1/s.
  2. Ein stråledose seier noko om kor mykje energi som er tatt opp frå den radioaktive strålinga. Dess meir energi som er tatt opp, dess meir skade kan skje. Måleeininga er sievert (Sv), og nemninga er J/kg.
  3. Radon er ein radioaktiv gass som siv opp frå berggrunnen, kor han er danna ved nedbryting av radium. Radon kan pustast inn i lungene og her bli omdanna til andre radioaktive stoff som kan skade lungene og føre til lungekreft.
  4. Betastrålar er monaleg meir gjennomtrengjande enn alfastrålar, og i eit elektrisk felt blir dei avbøygd i kvar sin retning.
  5. Alfastråling blir brukt eksempelvis i røykvarslarar, proton- og nøytronstråling blir brukt til strålebehandling av kreftsvulstar.
  6. Gammastråling har mange gonger større gjennomtrengingsevne enn røntgenstråling.
  7. Gammastråling: kan brukast til gjennomlysing av store gjenstandar, til dømes lastebilar, og til sterilisering av krydder.
    Røntgenstråling: brukast til medisinske undersøkingar av beinbrot, tanntilstand, mammografi. Han brukast og til undersøkingar av krystall- og molekylstryktur.