Hopp til innhald

Løysingsforslag - Drivhuseffekten

  1. Fordi utstrålinga ville blitt mykje større, ville temperaturen i gjennomsnitt vore på -19 ºC.
  2. No ligg jorda sin gjennomsnittstemperatur på ca. 15 ºC.
  3. Ein drivhusgass er ein gass som absorberer innkomande solenergi, og energi som blir stråla ut frå jorda. På den måten bidreg han til drivhuseffekten. Eksempel på drivhusgassar er vassdamp, karbondioksid, ozon, lystgass og metan.
  4. Det er vassdamp som bidreg mest til drivhuseffekten. Det er fordi det er mest av han, så trass i ein liten relativ effekt, gir han ein stor samla verknad.
  5. At jorda er i energibalanse tyder at det er like mykje energi som stråler ut frå jorda som det stråler inn. Jorda gir altså frå seg like mykje energi som ho mottek.
  6. Teoretisk sett kan menneske forbrenne så mykje fossilt drivstoff at den tilførte energien varmar opp jorda, men den effekten er antakeleg liten. Utsleppet av drivhusgassar har truleg større effekt, ved at dei stengjer inne meir av solenergien i atmosfæren.
  7. Klimaet skildrar dei gjennomsnittlege vêrforhold på ein stad over ein lengre periode, gjerne 30 år.
  8. Klimagassane sin auka drivhuseffekt kan få gjennomsnittstemperaturen til å auke, nedbørsforholda kan endrast, og dei herskande vindsystema kan også bli forskjellig frå tidlegare. Kva endringane på den enkelte staden vil vere, er vanskeleg å seie føreåt.
  9. Det er hovudsakeleg to forhold som kan gi havnivåstigning: Varmare hav fører til at vatnet utvidar seg og is- og snødekke på land smelter.
  10. Så lenge tropisk regnskog står urørd, vil det vere balanse mellom utslepp og forbruk av CO2 der. Men om han hoggast, vil nedbryting av trevirke og anna organisk materiale føre til eit netto tilskot av CO2 til atmosfæren.
  11. Isen i Arktis har blitt tynnare og har mindre utstrekning, isbrear på Grønland trekkjer seg tilbake, og permafrosten smelter i nokre område. Dette kan føre til at urfolka i desse områda ikkje kan oppretthalde sin levemåte som jegerar, fiskarar og reingjetarar. For kystfolka i resten av verda tyder det at det blir problem med havnivåstigning.
  12. Det har blitt gjort forsøk på å erstatte energi frå fossilt drivstoff med fornybar energi, men førebels har ikkje dette utgjort særleg store endringar. FN sitt klimapanel prøver å få til eining gjennom internasjonale avtaler, men det viser seg vanskeleg å få til i praksis.