Hopp til innhald

Løysingsforslag - Kosmetikk – kunsten å pynte seg

Her finn du korte løysingsforslag til "Høyr deg sjølv"-oppgåvene.

  1. Nokre kosmetiske produkt er: Hudkrem, parfyme, deodorant, leppestift, maskara, naglelakk, såpe, sjampo.
  2. Dei vanlegaste komponentane i kosmetikk er emulgator, voks, vaselin, olje, konserveringsmiddel, pH-regulerande middel og fortjukkingsmiddel.
  3. Emulgatoren gjer slik at oljen blandar seg i vatnet. Det dannast ein emulsjon der oljen er finfordelt i vatnet.
  4. Eit konserveringsmiddel hindrar at produktet blir øydelagt av mikroorganismar som bakteriar, mugg og gjær.
  5. Voks er esterar av lengre feittsyrer med ein langkjeda basisk alkohol. Vaselin blir laga av råolje.
  6. Oljer hjelper til med å verne huda, og halde ho mjuk og smidig. Oljer med god lukt blir bruke i parfymar. Dei er også med på å gjere dei kosmetiske produkta passe harde eller mjuke til bruk.
  7. Kosmetiske produkt kan gje allergi (som kontakteksem), irritasjonar og plager i luftvegane.
  8. All kosmetikk skal ha ein varedeklarasjon for at forbrukarane skal kunne unngå å bli utsette for stoff dei ikkje toler, eller som dei av andre grunnar ønskjer å unngå.