Hopp til innhald

Løysingsforslag - Næringsstoff og helse

Her finn du korte løysingsforslag til høyr deg sjølv oppgåvene.

  1. Med livsstil meiner vi måten eit menneske vel å leve.
  2. Livsstilsjukdomar er ei samlenemning på sjukdomar eller lidingar eit menneske kan få som resultat av eigen, sjølvald livsstil.
  3. Overvekt, diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdomar blir oftast knytta til kosthaldet.
  4. Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet meiner at
    minst 55-60 % av energien bør kome frå karbohydrat,
    høgst 30 % frå feitt og 10-15 % frå protein.
  5. Næringspyramiden syner korleis vi får eit sunt og variert kosthald.
    Vi kan ete mykje av det som er på botnen, og mindre og mindre mot toppen.
  6. BMI (Body Mass Index) er ein formelsom blir nytta for å måle om ein er normalvektig eller står i fare for å bli under- eller overvektig.
  7. Dersom du skal slanke deg berre ved å ete mindre i nokre veker, kvittar du deg stort sett berre med vatn og muskelvev. Etterpå kan du risikere at musklane som blei slanka bort, blir avløyste av feitt.
  8. Trening kan forebyggje sjukdomar. Ho kan til og med lækje nokre sjukdomar. Når ein trenar blir ikkje berre kondisjonen betre; du skjerpar deg mentalt og klarer å utrette meir på jobb og på skole. Dessutan er sportslege aktivitetar ofte knytta til eit rikt sosialt liv. Feittet forbrenn når kroppen er i fysisk aktivitet.
  9. Gå eller sykle i staden for å bruke buss eller bil.
    Må du ta buss, gå éin eller to stoppestader før du går på.
    Ta trappa i staden for heisen.
  10. Personar med anoreksi får matvegring. Dei har redsel for å bli overvektige, same kor magre dei er, og dei forstår ikkje sjølv at det kan stå om liv og helse.
    Bulimi (oksehunger) merkjer seg ut ved at ein får ustyrleg lyst til å ete. Etinga blir ofte kamuflert. For at dei skal greie å halde vekta nede, avsluttar dei måltidet med å framkalle oppkast, eller dei bruker avføringsmiddel eller vassdrivande middel.
    Ortoreksi er ein ny type matproblem der personen har fått eit sjukleg forhold til trening og sunn mat.