Hopp til innhald

Løysingsforslag - Næringsstoff

Her finn du korte løysingsforslag til høyr deg sjølv oppgåvene.

  1. Karbohydrat
    1. Monosakkarida er dei enklaste sukkerartane er monosakkarida, og har formelen C6H12O6. Vanlege monosakkarid er glukose og fruktose.
    2. Disakkaridene er satt saman av to monosakkarid, og har formelen C12H22O11. Vanlege disakkarid er sukrose, maltose og laktose.
    3. Polysakkarida er lange kjeder av monosakkarid, og har formelen C6H10O5)n. Vanlege polysakkarid er stivelse, glykogen og cellulose.
  2. Feitt er bygd opp av alkoholen glyserol og tre feittsyrer.
  3. Metta feitt inneheld metta feittsyrer, som er feittsyrer med berre enkeltbindingar mellom karbonatoma. Umetta feitt inneheld umetta feittsyrer, som er fettsyrer éi eller fleire dobbelbindingar i kjeden.
  4. Det finst tjue ulike aminosyrer.
  5. Protein er store molekyl bygd opp av lange kjeder av aminosyrer.
  6. Polypeptid er kjeder av aminosyrer som enno ikkje er ferdige protein.
  7. Vitamin blir delt inn i feittløyselege vitamin og vassløyselige vitamin.
  8. Mange B-vitamin er koenzym, som er stoff som må vere tilstades for at viktige enzym skal verke.
    Vitamina C, E og A er antioksidantar som vernar cellene i kroppen vår mot såkalla frie oksygenradikal.
  9. Matvarer
    1. Feit fisk, soyaolje, maisolje og olivenolje inneheld mykje umetta feitt
    2. Animalsk feitt inneheld mest metta feitt.
    3. Kjøtt, egg og nøtter inneheld mykje protein.
    4. Karbohydrat finn vi mykje av i matvarer frå planteriket.
  10. Mineral
    1. Kalsiumion er heilt nødvendige for oppbygginga av skjelettet og tennene, for at musklane skal kunne dra seg saman, for å overføre impulsar frå nervetrådane, og for at blodet skal koagulere.
    2. Fosfation er bunde til kalsium i skjelettet som kalsiumfosfat.
    3. Kaliumion regulerer trykkskilnaden mellom innsida og utsida av celleveggene og saltbalansen.
    4. Natriumion trengst også for å halde oppe ein normal trykkskilnad mellom innsida og utsida av celleveggene, og er difor nødvendige for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Dei er også nødvendige for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen.
    5. Magnesiumion verkar saman med mange enzym og arbeider med omsetninga av energi i kroppen og i produksjonen av protein og arvestoff.
  11. Sporstoffer
    1. Jernion er heilt nødvendige fordi dei både fraktar oksygen til cellene og inngår i enkelte enzym som trengst i energiomsetninga.
    2. Sinkion hjelper til med å transportere karbondioksid frå cellene til lungene, dei er med i omsetninga av fleirumetta feittsyrer, dei er viktige for immunsystemet, dei inngår i insulin, dei aktiverer enkelte enzym, og dei får sår til å gro.
    3. Jodion er viktige for å halde oppe eit normalt stoffskifte,
      sidan dei medverkar i utviklinga av hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen.