Hopp til innhald

Ballastplantar

Ballastplantar er planteartar som er innførte til Noreg som frø i ballasten på seglskuter.

Bilde av en tunbalderbrå. Bilde.
Tunbalderbrå, ein ballastplante som har blitt vanleg i norsk flora.

Ballast til fyllmasse

Båtar må ha tyngdepunktet tilstrekkeleg lågt for ikkje å velte, og dette var spesielt viktig for seglskuter med høg rigg og stor seglføring.

Eit vanleg mønster på 17- og 1800-talet var at skutene segla frå Noreg med trelast til hamner i Europa, men at varene dei tok i retur, sjeldan hadde same tyngda. Dei kunne ta last av teglstein eller salt, men oftast måtte dei ta om bord ballast i form av jord og grus.

Tilbake i Noreg måtte ballasten lossast før ny last kunne takast om bord. Lasta kunne dumpast i sjøen, men det blei snart forbode å kaste ballast i hamneområda. Ballasten blei då dumpa på spesielt tilviste ballastplassar eller brukt som fyllmasse.

Frø i ballastjorda kunne spire og slå rot, og slik kom mange nye planteartar til landet. Om lag 200 av desse artane har overlevd og blitt ein del av norsk flora.