Ballastvatn

Ballastvatn er sjøvatn som blir fylt i tankar på eit skip for å oppnå betre stabilitet.

Ballastvann. Bilde.
Tømming av ballastvatn.

Omsyn til stabilitet

Ballastvatnet blir teke inn der lasten blir lossa, når det ikkje blir teke inn ny last same staden. Med vatnet kan det følgje organismar som ikkje naturleg høyrer heime i økosystemet der vatnet blir pumpa ut.

Uønskte blindpassasjerar

Eit kjent eksempel er ei nordamerikansk kammanet, Mnemiopsis leidyi, som følgde med skip frå Amerika til Svartehavet og Kaspihavet i 1980-åra. Ho formeira seg raskt og reduserte den lokale fiskebestanden kraftig. Ho er òg funnen i Austersjøen. Denne maneta konkurrerer om same maten som fisken, og i tillegg et ho rogna og yngelen til fisken.

Mikroalgen Chattonella verruculosa skil ut ei gift, og i 2002 drap algen hundre tonn oppdrettslaks på Sørlandet. Denne algen stammar opphavleg frå havet utanfor Japan og har truleg komme til Nordsjøen i ballastvatn. Elles er det få konkrete eksempel på miljøskadar etter spreiing av organismar med ballastvatn i norske område.

Internasjonale reglar

Internasjonale reglar krev no at ballastvatn blir skift ut langt ute i havet, minst 150 nautiske mil frå land. Der skal det òg vere minst 500 meter djupt vatn.

Kammanet. Foto
Kammaneter som gjorde stor skade i Svartehavet.