Hopp til innhald

Tiarpotensar

Når grunntalet i ein potens er 10, seier vi at vi har ein tiarpotens. På grunnlag av det vi veit om potensar, kan vi skrive nokre kjente tal som tiarpotensar.

Vi ser at når vi får store tal, blir det vanskeleg å telje nullane. Men talet på nullar er det same som eksponenten i tiarpotensen. Det blir derfor mye enklare å skrive dei som potensar.

Vi kan halde fram å bruke det vi har lært om potensar, og skrive fleire tal som tiarpotensar.

Du ser også samanhengen mellom ein tiarpotens med negativ eksponent og talet skrive som desimaltal.
Tiarpotensane har fått eigne namn eller prefiks. Til dømes har ein million fått prefikset mega som du kjenner frå megabyte?

Eit oversyn over nokre prefiks til tiarpotensar:

10n Prefiks Symbol Namn
1015 peta P billiard 1 000 000 000 000 000
1012 tera T billion 1 000 000 000 000
109 giga G milliard 1 000 000 000
106 mega M million 1 000 000
103 kilo k tusen 1 000
102 hekto h hundre 100
101 deka da ti 10
10-1 desi d tidel 0,1
10-2 centi c hundredel 0,01
10-3 milli m tusendel 0,001
10-6 mikro µ milliondel 0,000 0001
10-9 nano n milliarddel 0,000 000 001