Hopp til innhald

Løysingsforslag: Høyr deg sjølv – Forskarspira

  1. Ei forskarspire er ein liten forskar som lærer seg å bruke vitskaplege metodar.
  2. Ei datasimulering er ei kalkulering som kjørast ved hjelp av eit dataprogram på ei datamaskin.
  3. Eit måltal fortel kor mange einingar ein storleik inneheld. Ei måleeining er ein fast verdi eller ein gitt storleik som brukast ved målingar. Ein storleik må alltid oppgjevast både med måltal og eining.
  4. Vi kan måle masse ved å samanlikne den ukjende massen med ein kjend, gjennom veging på skålvekt. Vi kan måle tyngde med ei fjørvekt, og rekne om til masse, men da må vi kjenne tyngda sin akselerasjon på staden.
  5. Fordi dei blir sjekka av tenestemenn frå Justervesenet med jamne mellomrom.
  6. Måleutryggleik er ein eigenskap ved målemetoden som seier noko om kor nøyaktig det er mogleg å måle. Målefeil oppstår når utstyret ikkje er i orden eller målinga ikkje utførast korrekt.
  7. Absolutt utryggleik er halvparten av variasjonsbreidda. Relativ utryggleik er absolutt utryggleik i prosent av gjennomsnittsmålinga.
  8. Vi kan bruke eit betre måleinstrument eller ein meir nøyaktig målemetode. Måle så store storleikar som mogleg.
  9. Vi tek med så mange siffer at det siste sifferet angir utryggleiken. Om vi angir at ein planke er 1128 ± 2mm lang, kan han i verkelegheita vere 1126, 1127, 1128, 1129 eller 1130mm.
  10. Observasjonsdata er informasjonen vi skaffar oss når vi undersøker eit fenomen eller gjennomfører eit forsøk. Observasjonsdata kan bestå både av bilete, målingar og beskrivingar.