Hopp til innhald

Innocence of Muslims

Muslimsk kvinne med plakat
[b]FREDELEG PROTEST:[/b] Muslimar over heile verda kjenner seg krenkte og protesterer mot den blasfemiske bodskapen i filmen «Innocence of Muslims».

Dette er saka:

  • Den amerikanskproduserte filmen «Innocence of Muslims», som gjer narr av profeten Muhammed, vart lagt ut på YouTube i juni. Den kristne egyptaren Nakoula Bassely Nakoula stod bak.
  • Muslimar over heile verda demonstrerte mot filmen og gjekk til åtak på ambassadane til USA og andre vestlege land.
  • Mest alvorleg var demonstrasjonane i den libyske byen Benghazi 11. september. Eit væpna angrep som skjedde samtidig med demonstrasjonen, kosta den amerikanske ambassadøren livet.
  • Trass dei mange oppmodingane om å ikkje gjere noko som kan auke spenninga, valde det franske satiremagasinet Charlie Hebdo å trykkje ein del karikaturteikningar av profeten Muhammed.
  • Fleire tusen demonstrerte mot filmen i Oslo.

– Filmen er ein rein provokasjon

Shoaib Sultan, rådgivar ved Antirasistisk Senter, meiner at desse reaksjonane er akkurat det filmskaparen var ute etter da han laga filmen.

– Eg synest det er svært synd at nokon som tydelegvis berre har ønskt å lage konflikt, har lykkast med det. Eg høyrer at han som står bak filmen, er overraska over reaksjonane, men det trur eg ikkje på. Eg trur han visste kva reaksjonane kom til å bli, og at det var nettopp derfor han gjorde dette, seier Sultan til NTB.

– Det er ekstremt leitt at det har gått så gale, og eg håper dette ikkje leier til fleire konfliktar. Ekstremistar av ulik valør vil sikkert prøve å skape fleire konfliktar av dette, seier han.

Oppgåve 1

I samband med filmen "The Innocence of Muslims" skreiv Afnan Ahmed (17) eit innlegg i Si;D i Aftenposten (19. september) under overskrifta "Min kjære profet hånes". Les første delen av innlegget:

«For hver gang de håner Muhammed (fred være med ham), blir min kjærlighet og respekt sterkere. For til og med i hans tid ble han hånet og behandlet dårlig. Hver gang dette skjer, hver gang karikaturer oppstår, så har man et ord å forsvare seg med: ytringsfrihet. Jeg begynner å lure, har friheten til å ytre seg blitt sterkere enn respekt? Har denne friheten retten til å trå over andre verdier? Er ytringsfriheten blitt sterkere enn toleranse og respekt?»

Her er resten av innlegget : "Min kjære profet hånes - Innlegg av Afnan Ahmed"

I eit debattprogram i samband med striden om karikaturteikningane av Mohammed for sju år sidan, sa generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund at ytringsfridommen gir rett til å krenkje, og at "muslimar også må lære seg til å bli gjennomkrenkte", slik som kristne og jødar har lært seg.

  • Drøft utsegna til Kokkvold i lys av innlegget til Afnan Ahmed.

Oppgåve 2

Både Afnan Ahmed og Per Edgard Kokkvold seier noko om kulturelle verdiar i innlegga sine.

  • Kva er eigentleg kulturelle verdiar, og korleis skil dei seg frå meiningar og haldningar?
  • Synest du det kan sjå ut som den vestlege verda har gitt ytringsfridommen ein overordna verdi, mens folk i Midtøsten set det guddommelege høgare? Kva kan det i så fall komme av?

Oppgåve 3

  • Når kjenner DU deg krenkt? Kan du seie noko generelt om det? Har det noko med kulturelle verdiar å gjere?
  • Viss du var nettredaktør, ville du ha lagt ut YouTube-klippet frå filmen på sidene dine dersom du visste at innhaldet var blasfemisk?