Hopp til innhald

Faguttrykk: fiskeribransjen

Her finn du forklaring på ein del ord og uttrykk som blir brukte i fiskeribransjen.
Fagarbeidarar i sjømatproduksjon som jobbar med laks langs eit samlebånd. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

B

blankisa fisk
sløgd, hovudkappa fersk fisk pakka i kasser med is under og i endene – ikkje over det heile
bløgge fisk
å kutte hovudpulsåra straks etter opptak. Fiskekjøttet blir tappa for blod og får betre haldbarheit.
boknafisk
hovudkappa, sløgd fisk som blir delvis tørka i friluft

K

klippfisk
hovudkappa, sløgd og flekka fisk, sterkt salta og tørka
krølltorsk
torsk som er bløgga, rundreinsa, skoren i skiver og lagd i rennande kaldt vatn i ein til to timar straks etter at han er fiska

S

sløye fisk
å skjere opp buken og fjerne innmaten

T

tørrfisk
hovudkappa og sløgd fisk som blir tørka i friluft
CC BY-SASkrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 11.05.2022