Hopp til innhald

Epler

Eple er ei frukt som er kjend allereie frå steinalderen. Ho finst i dag i ei ukjend mengd variantar. Opphavleg kjem eplet frå Asia.
Epler på epletre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kjenner jo frukta frå bibelhistoria, der Eva freistar Adam med eit eple, sjølv om dette truleg var eit granateple. Eple har eit tynt skal som kan etast. Fargen kan vera grøn, gul, gulraud, raud eller kombinasjonar av dette.


bilde av kanelkrem og eplekompott

Fruktkjøtet er fast, og i midten av eplet er det eit kjernehus som vert fjerna når eplet skal nyttast til matlaging. Her i landet var det munkane som først starta med fruktdyrking. Dei forstod fort at Hardanger var ein eigna stad for dette, og sidan har det vore dyrka eple heilt opp til Møre og Romsdal.

Variantar

Det finst mange tusen ulike eplevariantar avla fram i forskjellige produksjonsland og tilpassa dei lokale dyrkingstilhøva. Dette gjer at det stadig kjem nye variantar på marknaden, og at gamle går ut. Hos oss er det viktig at eple har gode smakseigenskapar og er godt eigna for langtidslagring. Dei saftige sortane som vi dyrkar i dag, er resultat av langvarig dyrking og foredling.

Dei viktigaste norske sortane er: summerred, aroma, raud gravenstein, raud aroma, julyred, åkerø, discovery, raud prins / kronprins, lobo og vanleg gravenstein. Nyare sortar det er verdt å nemna, er caroll og geneva early.

Bruksområde

bilde av Eplekake

Eple vert etne naturelle. Smaken varierer noko frå sort til sort og etter mogningsgrad, men også det individuelle tilhøvet mellom syre, sukker og aromastoff speler inn. Vi nyttar eple i fruktsalatar, til ost eller i paiar. Det er særleg godt med steikte eller bakte eple med nøtter og rosiner, for ikkje å gløyma eplegraut, eplemos og eplekake.

Kvalitetskrav

Bilde av et blomstrende epletre i hardanger. Foto.

Eple skal vera faste i konsistensen og fri for støytskadar. Dei skal vera heile, ha stilken på og vera utan teikn til innskrumping eller mørke flekker. Kvaliteten kan variera etter sort og dyrkingsstad, men storleiken i kassa skal vera jamn. Det er også verdt å merka seg at dei fleste norske sortane bør ha ein lang og varm sommar for å få best smak og utsjånad.

Næringsinnhald

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Lagring

1–2 °C. Det varierer ein del kor haldbare epla er, alt etter sorten, dyrkingslandet og lagringstilhøva. Eple kan lagrast i månadsvis på veleigna lager.

Norsk sesong

August til desember.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDRettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020