Hopp til innhald

Salatar

Det finst ei rekkje med ulike typar salat for kvar ein smak. Vi kombinerer gjerne ulike typar for å få den kombinasjonen vi likar av både smak og lekre fargar.
Ulike typar salatar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Isbergsalat. Foto.

I dag finst eit stort utval salatsortar i butikkane. Frå at salat var ein trend som skaut fart med kinakålen og isbergsalaten i 1980-åra, et no kvar nordmann over 5 kg salat i året. Det er forbruket av spesialsalatane som aukar mest. Dei siste ti åra har det auka med heile 15 prosent kvart år.

Radicchio. Foto.

Vi deler salat inn i to grupper. Den eine er Lactuca sativa, som omfattar vanleg hovudsalat, isbergsalat og fleire andre sortar. Felles for desse salatane er at dei alltid har ein mild og fin smak.

Den andre gruppa er Cichorium, som omfattar mellom anna radicchio rosso, eskaroll og frisée. Felles for salatane i denne gruppa er den meir eller mindre bitre smaken.

Bland gjerne salat med frukt for å få ein frisk smak. Du kan til dømes bruke mango. Det er kjempelett og kjempegodt.

Oppskrift på mangosalat (Bama).

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.


Hugselappen

Norsk sesong:

Frisk salat er tilgjengeleg heile året.

Med andre ord:

latin: Lactuca sativa og Chicorium
engelsk: lettuce
tysk: Salat
fransk: laitue

Lagring:

2–4 ºC i kjøleskåpet, helst pakka inn i plastpose eller plastboks

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020