Hopp til innhold

Fagstoff

Å arbeide ergonomisk i helsesektoren

Tunge lyft, feil arbeidsteknikk og mange belastningar er ofte ein del av arbeidsmiljøet i pleie- og omsorgssektoren. Dersom du ikkje er medviten om korleis du bruker kroppen når du skal lyfte eller flytte på pasientar, kan du over tid utvikle belastningslidingar som muskel- og skjelettplager.
Helsefagarbeidere hjelper en mann med å reise seg fra en stol ved hjelp av et løfteapparat. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Det er viktig at arbeidsmiljøet er lagt til rette for den enkelte – så langt som råd. Like viktig er det at du utviklar gode haldningar, innarbeider gode arbeidsvanar og er medviten om å bruke kroppen riktig – og sjølvsagt tek i bruk hjelpemiddel når det trengst.

Som arbeidstakar har du saman med arbeidsgivaren din eit ansvar for å bruke kroppen din så ergonomisk riktig som råd. Pasientar må bruke ressursane sine og gjere det dei greier sjølve. Ta utgangspunkt i det naturlege rørslemønsteret til kroppen.

Feil sittestilling. Foto.

Test det naturlege rørslemønsteret:

  • Set deg ytst på ein stol og len deg bakover slik at du sit litt makeleg
  • Flytt deg med langsame rørsler og set deg opp slik at du får ei god og korrekt sitjestilling.
  • Tenk over korleis du bruker det naturlege rørslemønsteret til kroppen når du set deg opp.

Viktige prinsipp for alle typar arbeid:

  • Varier arbeidsstillinga slik at du ikkje får einsidig belastning på musklar og ledd.
  • Hovud, rygg og skuldrer skal vere mest mogleg i normalstilling.
  • Det er viktig å trene. Då styrkjer du ledd, musklar og sener.

Lyft

Det er viktig å vurdere om det er nødvendig å lyfte. Hovudregelen når vi lyftar, er at vi skal bøye knea og ha ryggen rett. I relatert innhald finn du filmar og fagstoffsider om korleis vi skal lyfte.

Forflytting

Når du skal flytte ein pasient frå til dømes senga til stolen, skal du unngå å lyfte pasienten. Bruk heller forflyttingsteknikk. Då tek du utgangspunkt i fysiske lover og bruker det naturlege rørslemønsteret, balanse og tyngdeloven når du flyttar pasienten.

Pleier hjelper slagrammet pasient med å legge seg til rette og snu seg i sengen. Foto.

Døme

Når du skal flytte ein pasient høgare opp i senga, kan du først bruke vippefunksjonen på senga. Du senkar då hovudenden på senga slik at overkroppen til pasienten blir liggjande lågare.

Dersom pasienten greier det, kan han eller ho bøye knea og sparke frå. Då kjem pasienten høgare opp i senga når du hevar hovudenden att.

Å bruke det naturlege rørslemønsteret vil seie at vi flyttar éin kroppsdel om gongen og overfører tyngda frå ein kroppsdel til ein annan. For å redusere friksjon kan du bruke enkle teknikkar og hjelpemiddel. Til dømes kan du:

  • leggje handflatene dine under setet på pasienten når han eller ho skal flyttast oppover i senga
  • bruke plastpose, silkelaken eller glidematte
  • bruke skråplan, til dømes vippefunksjonen på senga
  • la pasienten hjelpe til sjølv – då praktiserer du også brukarmedverknad

Hjelpemiddel

Det finst fleire hjelpemiddel som gjer det lettare å arbeide ergonomisk.

Utfordringar til deg:


  1. Kva tyder friksjon?
  2. Kvifor bør det vere minst mogleg friksjon når du skal flytte på ein pasient?
  3. Vis med praktiske døme kva friksjon er.
  4. Forklar til ein medelev korleis du bruker ditt naturlege rørslemønster når du lener deg bakover
    i ein stol eller reiser deg opp frå ein stol.
  5. Somme gonger er det nødvendig å lyfte gjenstandar. Set deg inn i korleis du skal lyfte.
    Gå deretter saman i grupper. Éin lyftar medan dei andre observerer og gir tilbakemelding på korleis det blei lyfta.
  6. Kvifor bør du som helsefagarbeidar bruke forflyttingsteknikkar i staden for å lyfte der det er mogleg?
  7. Ved å filme kvarandre når de flyttar pasientar frå seng til stol, oppover i seng, skiftar på seng medan pasienten ligg i senga og liknande, og deretter sjå på filmklippa saman, kan de bli meir medvitne om eigne arbeidsstillingar. Finn passande situasjonar og prøv det ut.
  8. Følg lenkja Ergonomi. Arbeidstilsynet. Gjer greie for dei konkrete råda som både arbeidstakar og arbeidsgivar får til venstre på sida.
  9. Kva krav stiller arbeidsmiljøloven til arbeidsmiljøet? Du finn kapittel 4 i arbeidsmiljøloven på Arbeidstilsynets side Ergonomi. Arbeidstilsynet.
  10. Dra til ein sjukeheim eller ein bustad og sjå korleis arbeidsplassen er lagd til rette med tanke
    på ergonomi. Skriv ein logg frå besøket.
  11. Bruk nettet og finn hjelpemiddel som du kan bruke i arbeidet ditt i framtida.
  12. Sjå filmane du finn som relaterte på sida Å arbeide ergonomisk i helsesektoren og prøv arbeidsstillingane som blir viste.

CC BY-SASkrevet av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist faglig oppdatert 02.10.2017

Læringsressurser

Ergonomi i helsesektoren