Hopp til innhold

Fagstoff

Fattigdom og berekraftig utvikling

Eitt tusen og ein, eitt tusen og to, eitt tusen og tre ... Eit barn døyr kvart tredje sekund som resultat av fattigdom.
Et fattig barn spiser mat. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Verdsbanken opererer med ei fattigdomsgrense på 1 USD per dag (i 1990), eller justert for kjøpekraft, 1,90 USD per dag i 2012. I 2005 levde ca. 20 prosent av alle menneske i verda i absolutt fattigdom. Det svarer til 1,347 milliardar menneske! I 2012 var talet 12,7 prosent!

Fattigdom er eit komplisert problem, som kan handle om meir enn pengar. Ta vatn til dømes. Det er ikkje alle som er så heldige å få reint vatn i springen heime. Å sikre reint vatn handlar ikkje berre om drikkevatn. Det handlar også om levebrødet til folk, særleg om jordbruk. Og jordbruket er avhengig av vassforsyningar.

Tiltak mot internasjonal fattigdom – tusenårsmåla

I år 2000 sette toppleiarane i verda seg ned i FN-hovudkvarteret i New York for å finne fram til tiltak som kan løyse fattigdomsproblemet på lengre sikt. Dei formulerte «tusenårsmåla», som ein skulle nå innan årsskiftet 2015/2016. Alle dei 189 landa som var representerte, skreiv under på erklæringa.

Vi kan grovt sett dele tusenårsmåla inn i tre grupper: 1) dei måla som retta seg mot ein auke av den venta levealderen, 2) dei måla som retta seg mot å auke utdanningsnivået i eit land, og 3) dei måla som retta seg mot å auke bruttonasjonalproduktet (BNP) i eit land. Dette hang saman med FN sin Human Development Index (HDI), som er ei årleg levekårsundersøking i alle land i verda. Tusenårsmåla hang saman, og dei retta seg mot å betre levekåra og kjempe mot fattigdommen i verda.

To små fattige jenter. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Det unike med tusenårsmåla var at dei var konkrete og kunne målast, og dei var den største heilskaplege satsinga i den menneskelege historia i kampen mot fattigdom. Alle landa som skreiv under på erklæringa, innarbeida måla i sitt land sin politikk.

Kan vi måle betringa etter denne satsinga? Er verda blitt ein betre stad å leve etter at erklæringa blei underskriven?

Blei tusenårsmåla nådde?

Framgangen innanfor dei ulike tusenårsmåla var ujamn. Dei viktigaste og mest omfattande betringane finn vi i Kina og India. Men vi kan ikkje seie sikkert at betringane kom av den politiske intensjonen bak tusenårsmåla. India og Kina var alt inne i ein sterk positiv vekst før tusenårsmåla blei sette opp. Det som likevel er viktig å merkje seg, er at endringane først og fremst har grunnlag i politiske avgjerder. Til sjuande og sist er det politikken i eit land som i størst grad bestemmer om innbyggjarane er fattige eller ikkje.

Nokre av måla blei likevel nådde, og i arbeidet med fleire av måla kom ein langt på veg. Målet om å halvere delen menneske som lever i fattigdom, blei nådd, men samtidig blei ikkje alle delmåla, som å halvere talet på menneske som svelt, nådd. Mål nr. 6 om å halde nede spreiing av HIV/AIDS, malaria og andre døyelege sjukdommar reknar ein som nådd. Dette fordi talet på nye tilfelle av HIV-smitta sank med 40 prosent mellom 2000 og 2013, og medisinsk behandling har auka kraftig. Malaria er framleis eit stort problem, men noko så enkelt som auka bruk av myggnett har hindra og redusert talet på menneske som døyr av malaria, med nesten 60 prosent i same periode.

Mål nr. 7 om å halvere delen menneske utan tilgang til reint drikkevatn reknar ein også som nådd. Dette trass i at både India og Kina har hatt ei enorm auke i industrialiseringa, noko som har resultert i miljømessige katastrofar i desse landa.

Berekraftsmåla

FNs bærekraftsmål med symboler for hvert mål. Grafikk.

I 2015 blei tusenårsmåla erstatta av FNs berekraftsmål. Dette er ein felles arbeidsplan som landa i verda skal jobbe mot fram mot 2030.

Hovudmålet med dei nye berekraftsmåla er framleis å utrydde fattigdom, men det handlar også om å jamne ut sosiale skilnader og bremse klimaendringane. Som med tusenårsmåla heng også berekraftsmåla saman med kvarandre og har fleire undermål under kvart punkt.

Les meir om kvart mål og undermåla på FN-sambandet sine temasider.

CC BY-SASkrevet av Bjørn Simonsen og Inga Berntsen Rudi.
Sist faglig oppdatert 01.02.2018

Læringsressurser

Verden blir mindre