Oppgave

Sukkerinntaket

Publisert: 23.09.2010, Oppdatert: 03.03.2017
Sukkerpakker

Kor mykje sukker får ein i seg over ei viss tid? Barn og unge får i seg for mykje sukker i forhold til kva som blir tilrådd.
Kor mykje sukker et du og klassen din? Er de innanfor tilrådingane om å ikkje ete meir enn maksimum 50 g sukker per dag?

Bilde av sukkerinnholdige matvarerVarer med mindre sukker, men like usunne

 

 

SukkerdrikkeSukkerdrikke 

 

Bilde av sukker i ett litermålMåle sukker

 

I denne oppgåva skal de i løpet av tre dagar skrive ned alle sukkerhaldige produkt de et. Rekn ut kor mykje sukker som er i matvarene. For enkelte matvarer blir det ikkje oppgitt tilsett sukker på pakken, men dersom du ser i ingrediensar, står sukker oppført. Desse matvarene kan du sjekke ved å bruke "Matvaretabellen" på Matportalen eller Kosthaldsplanleggjaren.

Etter dei tre dagane legg du saman kor mange gram sukker du har fått i deg og reknar ut gjennomsnittleg inntak per dag. Samanlikn med dei andre i klassen og rekn ut kor mange gram sukker de har ete, både til saman og gjennomsnittleg per elev.

Hva gjør sukker med kroppen? 

Døme

Døme på matvarer som inneheld sukker, og korleis du kan rekne ut inntaket ditt:

  • ½ l brus – inneheld 10 g. sukker per 100 g. matvare.

100 gram=1 dl5 dl·10 gram sukker=50 gram sukker i ei brusflaske

 

  • 40 g mjølkesjokolade – inneheld 44,6 g tilsett sukker per 100g matvare.

44,6 gram÷100 gram=0,446 gram tilsett sukker per gra,40 gram sjokolade·0,446 gram tilsett sukker=17,84 gram sukker.

Relatert innhold