Hopp til innhold

Fagstoff

Friluftsliv og mat

Å ta barna med på tur og ete matpakken ute er nokså vanleg i barnehagar og skular. Ein del barnehagar er friluftsbarnehagar, og der er barna er mykje ute. Mange skular har faste utedagar. Maten er ein viktig del av turopplevinga, og barn og unge bør få oppleve at turmat er noko meir enn pølser med brød.
Barn spiser fisk fra en rund treplate. Fiskens hode og hale er på hver siden av treplaten. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Barn og ungdom har svært ulik bakgrunn når det gjeld å ferdast ute. Det betyr at barn og foreldre må orienterast om utedagar og om kva som er venta av dei når det gjeld klede og mat.

Du bør trene deg på å pakke ein tursekk som inneheld det du har treng med tanke på kvar de skal, kor gamle barna er, og kva årstid det er. Som barne- og ungdomsarbeidar må du òg kjenne til reglane for ferdsel i utmark. Dei finn du under nøkkelordet «friluftsliv».

Det er best om du vel mat og drikke som alle barna kan ete og drikke. Av og til må du likevel ta med annan mat til somme av barna som av omsyn til helsa eller av religiøse grunnar ikkje kan ete det same som dei andre.

Kva du vel av mat og drikke, er òg avhengig av kor langt du skal bere sekken, og av om barna skal bere noko sjølve, eller om den vaksne skal bere all mat og drikke. På lange turar der barn og ungdom skal bere mat og drikke sjølve, kan det vere lurt å velje energirik mat som veg lite.

I barnehagen og på skulen er det ofte hektiske dagar, og difor er det viktig å finne gode rutinar og ikkje planleggje for avanserte ting.

Utfordringar til deg


  1. Tenk deg at du har planlagt ein tur i skogen med ei gruppe barn.
    • Kva inneheld tursekken av mat og drikke?
    • Kva anna må du ha i sekken for å lage og ete dette?
    • Kva kan du førebu før du dreg?
    • Kva kan barna vere med på å førebu og lage? (Tenk på ulike aldersgrupper)
  2. Del dykk i grupper, og planlegg turmat for
    • ulike årstider
    • ulike reisemål
    • ulike aldersgrupper
    Prøv ut forslaga når de er på tur.
  3. På tur har barn og unge dei same behova for mat som dei kan ete, som elles. Det betyr at du må kjenne til om nokon av barna treng tilrettelegging av kosten på grunn av
    • helse, til dømes ved allergi
    • kultur eller religion, til dømes i samband med muslimsk kosthald
  4. Sjå på oppskriftene i oppgåve 2.
    Er det nokon av desse rettene som ikkje kan etast av alle barna?
    Kan rettane tilpassast slik at alle kan ete dei?
  5. Ta kontakt med ulike barnehagar og skular i nærområdet. Finn ut kva dei bruker til turmat, og kva for rutinar dei har når dei er på tur med barn.
CC BY-NC-SASkrevet av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist faglig oppdatert 21.11.2018

Læringsressurser

Friluftsliv med barn