Hopp til innhold

Fagstoff

Brosjyren

Det er mange typar skriftleg kommunikasjon. Her skal vi ta for oss brosjyren.
Brosjyrer. Foto.
Åpne bilde i et nytt vindu

Ein brosjyretekst er ein annan type samtale med kunden. Vi ber ikkje kunden nødvendigvis om å kjøpe noko der og då, vi ber han eller henne om å vere interessert i det vi har å fortelje.

AIDA-modellen

AIDA-modellen fortel om korleis dette kan gjerast. Bokstavane står for Attention, Interest, Desire og Action. Først skaper du merksemd ved hjelp av eit godt bilete og ein tittel. Så vekkjer du interessa til kunden gjennom å fortelje det viktigaste om produktet ditt, eller det andre du skal skrive om. Når kunden først er interessert, har du høve til å få han eller henne til å drøyme om produktet ditt og få skikkeleg lyst på det. Det handlar om å fortelje om detaljane, konkrete småting som er spennande. Til slutt blir det action – handling: Kunden handlar.

Fordelen med brosjyre

Fordelen med ein brosjyre er at du har plass til å fortelje litt meir – og ikkje minst at du kan bestemme kva kunden skal meine er viktigast. Det som står på framsida, er viktigare enn det som står inni. Det som er stort, er viktigare enn det som er smått.

Mellomtitlar, korte avsnitt, gode bilettekstar – alt dette gjer teksten lettare å kome gjennom. Spesielt bilettekstar er viktige, dei blir nemleg alltid lesne! Bruk baksida, ho blir alltid lesen.

CC BY-SASkrevet av Hans Michael Wade. Rettighetshavere: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist faglig oppdatert 21.03.2018

Læringsressurser

Skriftlig og muntlig kommunikasjon