Hopp til innhold

Preparing for the Written Exam (Nynorsk text)

Før du bruker PC på eksamen, bør du gjere deg godt kjent med programvare knytt til digital stavekontroll, synonymordlister, søkjefunksjonar og liknande.

Kjelder

  1. Hald orden på kjeldene du bruker under førebuinga. Når du bruker informasjon frå kjelder i eksamenssvaret, må du vise til kjelda. Dette kan du gjere i ein fotnote eller ved å skrive kjelda i parentes etter referansen. Dersom du bruker fotnote, listar du kjeldene til slutt og knyter dei til teksten med tall (http://en.wikipedia.org/wiki/Footnote). Word har ein eigen fotnotefunksjon som du kan bruke. Hugs på at kjelder av typen www.wikipedia.org ikkje er gode nok. Det er som å seie at boka stod i biblioteket. Ei god kjeldetilvising vil vise til ei konkret side eller publikasjon.
  2. Bruk pålitelege kjelder. Offentlege kjelder som Statistisk sentralbyrå, er av dei mest pålitelege vi har. Mediesider som CNN, er også oftast pålitelege. Uansett må du oppgje kjelde når du viser til tal eller konkrete hendingar. Dette gjeld ikkje alminneleg aksepterte opplysningar som at Barack Obama vann presidentvalet i USA i 2009. Dersom du derimot hevdar at strengare straffer har gitt mindre kriminalitet i USA, må du grunngje dette med å vise til kjelder.
  3. Desto meir kontroversiell ei opplysning er, desto nøyare må du sjekke kjeldene og gjerne oppgje kjelder som har ulikt syn. Dette vil gje breidde i innhald og grunnlag for drøfting i teksten din. Dersom du drøftar våpenlovgjeving i USA, bør du få med synet både frå motstandarar og tilhengarar av dagens lovgjeving. Hugs at kjelda er organisasjonen/personen som publiserer nettsida. Nettsida kan godt heite noko så hyggeleg som: ’Spirit of Free Thinking’, men du må finne ut kven som står bak nettsida. Det kan vere ei spesiell religiøs sekt, eller ei gruppe radikale opprørarar. Lesaren har krav på å få vite dette for å kunne vurdere informasjonen.
  4. Dersom du bruker delar av ein tekst som andre har skrive, må dette komme tydeleg fram ved at du viser til kjelde og skriv teksten i hermeteikn eller kursiv. Det er positivt å bruke nokre sitat i ein tekst, men det må ikkje bli for mange. Du må ikkje kopiere tekst eller skrive om på kjeldetekstar utan å oppgje kjelde.

Skrivinga

  1. Situasjon og målgruppa. Ofte vil ei oppgåve ta utgangspunkt i ein konkret situasjon. Det kan vere å svare på eit innlegg, lage ein presentasjon eller ein tale i forbindelse med eit arrangement, skrive ein artikkel i eit magasin osv. Då må du knyte teksten opp til dette og ikkje skrive for generelt om temaet. Du må også tilpasse teksten din målgruppa. Korleis vender ein seg til unge, gamle, fagfolk, ”mannen i gata”?
  2. Innleiing og avslutning. Lag innleiinga etter at du har skrive sjølve hovudteksten. Det er vrient å starte dagen med å skrive innleiinga til en tekst du ennå ikkje kjenner. Du kan gjerne skrive både innleiing og avslutning til slutt i skriveprosessen. Då kan du lettare trekkje trådar frå innleiinga til avslutninga og vise at du har heilskapleg tekstkompetanse.
  3. Avsnitt viser at du har oversikt over det du skriv. Lag avsnitt ved nytt moment eller ny vinkling. Legg inn ei tom linje eller innrykk på neste linje for å markere avsnitt. Du må ikkje blande desse to ulike formene for avsnitt.
  4. Trekk ut det vesentlege frå kjelder. Det kan vere freistande å inkludere mykje fakta når vi har så mange hjelpemiddel tilgjengeleg. Ein viktig kompetanse ved å bruke hjelpemiddel er å trekkje ut det vesentlege frå det uvesentlege samt å bruke ulike kjelder. Denne eksamensforma skal måle kompetansen du har i å bruke kunnskap på ein reflektert måte - ikkje passivt reprodusere han.
  5. Lengda og arbeidet med det språklege. Dersom lengda på teksten gjer at du ikkje får jobba godt med språkføringa og organiseringa av stoffet, har du skrive for langt. Du må også bruke tid på arbeidet med det språklege.
  6. Lag ei liste med feil som har gått igjen i tekstar som du har skrive tidlegare - både stavefeil og grammatikkfeil. Gå gjennom eksamenssvaret ditt før du leverer og sjekk mot desse.
  7. Til førebuinga lag ei liste med ord knytt til temaet for førebuinga og ei liste med utrykk for å binde setningar saman (however, as well as, nevertheless). Sidan du no har tid til førebuing, blir det stilt høgare krav både til ordforråd og innhald.

Hugs!

  1. Ta med deg næringsrik mat, gjerne ein sjokolade og litt frukt, men ikkje slikt som støyar.
  2. Ha orden i kjeldene dine. Hjelpemiddel kan fort bli til hinder viss du må leite gjennom ein stabel med ark.
  3. Ikkje la alle hjelpemidla hindre deg i å vere kreativ og tenkje sjølv.