Innhald merka med læreplan:
I dette hovudområdet skal vi sjå på korleis funksjon, åtferd, vekst og formeiring hos både plantar og dyr har tilpassa seg ulike levevilkår og utvikla seg gjennom tidene. Når du jobbar med "Funksjon og tilpassing", har du nytte av bakgrunnskunnskap frå ”Cellebiologi” og ”Fysiologien til mennesket”.
I dette hovudområdet skal vi sjå på korleis organ i kroppen vår er oppbygde, og korleis dei sørgjer for opptak, utskiljing, transport, kommunikasjon og stabile forhold. Samtidig skal vi studere korleis ytre påverknad og sjukdom utfordrar organsystema, og korleis kroppen responderer. Bakgrunnsstoff til dette hovudområdet finn du i ”Cellebiologi” og i ”Ernæring og helse” og ”Bioteknologi” frå naturfaget.
Celler er dei minste levande einingane som kan fungere aleine, men dei kan òg kommunisere og samarbeide med andre celler. I dette hovudområdet skal vi få innsyn i mange av dei fascinerande prosessane som skjer inne i cellene, og som er livsviktige for organismen. Innhaldet byggjer på kunnskapar frå "Ernæring og helse" og "Bioteknologi" i naturfag. Cellebiologi gir bakgrunnskunnskap som er nyttig før du skal jobbe med "Fysiologien til mennesket" og "Funksjon og tilpassing".
Hovudområdet biologisk mangfald byggjer på "Berekraftig utvikling" i naturfaget, men går meir grundig inn på kva ein art er, og korleis ein kan sortere artar for å få oversikt. Det blir lagt vekt på at ein skal sjå samanhengen mellom miljø og artsutval og forstå kor viktig variasjon og bevaring av biologisk mangfald er.
Den unge biologen handlar mest om arbeidsmetodar i felt og laboratorium og byggjer på hovudområda "Forskarspira" og "Berekraftig utvikling" frå naturfag. Her må du bruke fagleg kunnskap til å tolke informasjon, kartleggje, systematisere og dokumentere. Du må bruke systematikk, men det blir grundigare behandla i hovudområdet "Biologisk mangfald".
I dette hovedområdet skal vi se på hvordan funksjon, adferd, vekst og formering hos både planter og dyr har tilpasset seg ulike levevilkår og utviklet seg gjennom tidene. Når du jobber med "Funksjon og tilpasning" har du nytte av bakgrunnskunnskap fra ”Cellebiologi” og ”Fysiologien til mennesket”.
