Innhald merka med bererakett:
Vega er ein ny europeisk bererakett for oppskyting av mindre satellittar, og han er spesielt eigna for plassering av satellittar i polbane. Den første oppskytinga var planlagd til november 2009, men han er svært forseinka. Mogleg nyttelast på den første oppskytinga er satellittar med masse 100 til 150 kg, og det er lagt til rette for å ta med studentsatellittar, organisert gjennom ESAs Education Office.
Ariane 5 er den nyaste versjonen av Ariane-rakettane. Han er konstruert etter eit heilt anna prinsipp enn Ariane 4, og føremålet med nyutviklinga er å oppnå større nyttelast og lågare oppskytingskostnader i kroner per kilogram.
"Arbeidshesten" for europeisk romverksemd var Ariane 4, som hadde 113 vellukka oppskytingar mellom 15. juni 1988 og 15. februar 2003. Raketten blei tilboden i ulike variantar når det gjaldt ekstra rakettmotorar som blei brukte ved start der tyngdekrafta er sterkast. Desse ekstramotorane kunne ha både fast og flytande brennstoff. Nyttelasta blei opptil 4,9 tonn for oppskyting til overføringsbane, GTO.
Den påkjenninga ei nyttelast får ved ei rakettoppskyting, er sterkt avhengig av rakettypen. For somme forskingsrakettar kan akselerasjonen vere så høg som 150 gonger tyngdeakselerasjonen på jordoverflata, 150 g, og det set store krav til den mekaniske konstruksjonen for den instrumenteringa som skal vere med. For bererakettar som skal brukast til bemanna romferder, må akselerasjonen haldast låg, godt under 10 g. I tillegg til akselerasjon er det mange andre typar påkjenningar, ikkje minst støy og vibrasjonar.
Dei prinsippa som er omtalte tidlegare, kan vi sjå realisert når vi tek for oss ein komplett bererakett. Ein tradisjonell tretrinnsrakett er Ariane 4. Han er no teken ut av produksjon, men han blei brukt til meir enn 150 oppskytingar.
Så skal vi sjå på ein ny fleirtrinnsrakett, VEGA, som er venta utprøvd seint i 2010, og som er basert på litt andre løysingar.
Ein kritisk og kostbar operasjon innan romverksemd er plassering av satellittar i rommet. Biletet syner nokre av dei ulike bererakettsystema som er brukte til oppskyting av store nyttelaster, både ubemanna og bemanna. Vi skal her sjå på dei grunnleggjande funksjonane for bererakettar og for mindre rakettar, thrusterar, som blir brukte til slike operasjonar i rommet, og vi skal sjå på på endring av baneparametrar og på endring av orienteringa i rommet.
