Yrkessituasjonar
Hyggjekveld for eldre
Malin skal bli helsefagarbeidar. Ho har kome halvvegs i læretida si, og ho er no på langtidsavdelinga på sjukeheimen i kommunen. Det siste halvåret av læretida skal ho vere på sjukehus. Ei viktig oppgåve ho har, er å leggje til rette for aktivitetar og gode opplevingar for bebuarane.
Jakob er alvorleg sjuk
Ein av bebuarane på sjukeheimen er Jakob. Han er 79 år og flytta til sjukeheimen da han måtte amputere det eine beinet for tre år sidan. Sjølv kallar han det røykjebein, sjølv om legen har eit anna namn på det. Mona pratar mykje med Jakob.
Røykjebein

Ein av bebuarane på sjukeheimen er Jakob. Han er 79 år og flytta til sjukeheimen for tre år sidan, etter at han måtte amputere det eine beinet. Sjølv kallar han det røykjebein, sjølv om legen har eit anna namn på det.
Finn ut kva Jakob meiner med røykjebein.
- Kva kan vere årsaker til denne sjukdommen?
- Kva er det som har skjedd i kroppen, som har ført til at Jakob måtte amputere beinet?
- Er dette ein livsstilssjukdom? Grunngi svaret ditt.
