Hopp til innhald

Fagstoff

Journalist – eit risikoyrke

I eit land med pressefridom kan journalistar fritt publisere informasjon i aviser, radio, TV og på nett utan førehandskontroll frå offentlege styresmakter. I autoritære regime er journalistyrket eit risikoyrke.

Pressefridom – eit kjenneteikn på demokrati

Eit av dei viktigaste prinsippa i eit demokratisk samfunn er at alle borgarar har rett til å meine kva dei vil og å gi uttrykk for det i skrift og tale. Pressefridom betyr at ein journalist fritt kan publisere informasjon i aviser, radio, TV og på nett utan førehandskontroll frå offentlege styresmakter.

I eit autoritært samfunn vil både enkeltborgarar og massemedium vere underlagt sensur frå styresmaktene si side. I totalitære regime er det å vere journalist eit risikoyrke.

Trumps angrep på journalistar

Dessverre har utviklinga dei siste åra vist at stadig flere regime, også dei som kallar seg demokratiske, ser på journalister som fiendar. Til dømes så utpeikte Donald Trump journalistar som fiendar av det amerikanske demokratiet då han var president .

Twitter-melding frå 2018 der president Donald Trump skulda media for å vere korrupt. Faksimile.

Drap og forfølging av journalistar

I perioden 2006–2020 vart over 1200 journalistar drepne for å ha rapportert nyheiter og informasjon til folk, ifølgje UNESCO. Ni av ti journalistdrap blir ikkje oppklarte.

Ifølgje journalistorganisasjonen Reportere uten grenser (RSF) vart 50 journalistar drepne mens dei var på jobb i 2020. I 2021 var talet 46. I tillegg vart mange fengsla og forfølgde av myndigheitene.

Organisasjonen Reportere uten grenser rapporterer jamleg om overgrep mot journalistar over heile verda:

Reportrar utan gränser: Pressfrihetsindex

  • Kor mange journalistar vart drepne i fjor?
  • Det er ein viss samanheng mellom graden av demokrati i eit land og korleis landet behandlar journalistane sine. I kva land er det mest risikabelt å vere journalist no?
Journalisten Maria Ressa tek imot Nobels fredspris i Oslo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fredsprisvinnar truga på livet i Filippinane

I 2021 fekk den filippinske journalisten Maria Ressa Nobels fredspris. Nobelkomitéen meinte at ho gjennom sin uredde og kritiske journalistikk har bidrege til å forsvare menneskerettar og demokrati. Maria Ressa har i mange år blitt rettsforfølgd i heimlandet for avsløringar av korrupsjon og vanstyre på Filippinane.

Ho har også blitt utsett for dårleg skjulte drapstrugslar frå den filippinske presidenten på direktesendt TV. Sjå klipp frå sendinga på NRK: Forfulgt og truet på livet – nå får hun Nobels fredspris

Fatullajev kjempar for ytringsfridom

Aserbajdsjan er eit døme på eit autoritært regime. Her blir mange journalistar kasta i fengsel, og aviser og kringkastingsstasjonar risikerer å bli stengde dersom dei vågar å kritisere makthavarane. Den kjende avisredaktøren Eynulla Fatullajev er ein av dei som kjempar for ytringsfridom i Aserbajdsjan. I mai 2012 fekk han Unescos ytringsfridomspris, World Press Freedom Prize.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Kristin Skare Orgeret. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.03.2022

Læringsressursar

Internasjonal nyheitsformidling