Yrkessituasjonar
Hyggjekveld for eldre
Malin skal bli helsefagarbeidar. Ho har kome halvvegs i læretida si, og ho er no på langtidsavdelinga på sjukeheimen i kommunen. Det siste halvåret av læretida skal ho vere på sjukehus. Ei viktig oppgåve ho har, er å leggje til rette for aktivitetar og gode opplevingar for bebuarane.
Legg til rette for aktivitetar
Å vere aktiv er viktig for å trivast og for å halde oppe funksjonsevna si best mogleg. Éi av arbeidsoppgåvene til Malin er å leggje til rette for aktivitetar som passar for dei ulike bebuarane. Det kan vere både fysiske, mentale og sosiale aktivitetar.
Høyrselshemming

Ein av bebuarane på avdelinga til Malin er sterkt høyrselshemma. I byrjinga syntest Malin det var vanskeleg å snakke med henne, men etter kvart har ho lært seg nokre knep.
- Lag ein brosjyre med tittelen «Gode råd når du snakkar med ein som er høyrselshemma».
- Les oppgåveteksten i oppgåva om mental og sosial aktivitet. Kan du nokre spel som passar for ein som er høyrselshemma?
Oppgåva "Mental og sosial aktivitet":
Malin har lært seg mange forskjellige spel, som ho kan spele saman med bebuarane. Kvar gruppemedlem skal presentere eit spel for dei andre. Det kan vere kortspel, brettspel eller eit anna spel. Presentasjonen skal innehalde
- spelereglane
- talet på spelarar
- kven spelet passar for
- kor lang tid det kan ta
Tenk igjennom korleis presentasjonen bør vere for at han skal vere lett å forstå. Gruppa spelar spela før de lagar ein felles presentasjon som de framfører.
