Yrkessituasjonar
Hyggjekveld for eldre
Malin skal bli helsefagarbeidar. Ho har kome halvvegs i læretida si, og ho er no på langtidsavdelinga på sjukeheimen i kommunen. Det siste halvåret av læretida skal ho vere på sjukehus. Ei viktig oppgåve ho har, er å leggje til rette for aktivitetar og gode opplevingar for bebuarane.
Legg til rette for aktivitetar
Å vere aktiv er viktig for å trivast og for å halde oppe funksjonsevna si best mogleg. Éi av arbeidsoppgåvene til Malin er å leggje til rette for aktivitetar som passar for dei ulike bebuarane. Det kan vere både fysiske, mentale og sosiale aktivitetar.
Fysisk aktivitet
Éin dag i veka er Malin på eldresenteret. Leiaren der har bede henne og Omar, som òg er lærling, om å lage ein informasjonsbrosjyre om fysisk aktivitet.
Kva finn du om fysisk aktivitet for eldre på Internett og i bøker?
Sjå særleg på nettsidene til Helsedirektoratet og Norsk Helseinformatikk.
Brosjyren skal informere om kvifor det er viktig for eldre menneske å vere aktive, og om korleis fysisk aktivitet påverkar helsa deira. Han skal òg innehalde forslag til trening og øvingar.
Arbeid i grupper og lag brosjyren. Legg brosjyrane fram for kvarandre og vurder brosjyrane de har laga.
