Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Hyggjekveld for eldre

Malin skal bli helsefagarbeidar. Ho har kome halvvegs i læretida si, og ho er no på langtidsavdelinga på sjukeheimen i kommunen. Det siste halvåret av læretida skal ho vere på sjukehus. Ei viktig oppgåve ho har, er å leggje til rette for aktivitetar og gode opplevingar for bebuarane.

Legg til rette for aktivitetar

Å vere aktiv er viktig for å trivast og for å halde oppe funksjonsevna si best mogleg. Éi av arbeidsoppgåvene til Malin er å leggje til rette for aktivitetar som passar for dei ulike bebuarane. Det kan vere både fysiske, mentale og sosiale aktivitetar.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Høyrselshemma for ein time

Lyd

Mange eldre høyrer dårleg. Derfor er det viktig at Malin set seg inn i korleis det er å ha dårleg høyrsel.

Arbeid saman to og to. De treng øyreproppar og høyrselsvern. Ver høyrselshemma i ein halv til éin time etter tur. Prøv ut så mange vanlege situasjonar som mogleg i løpet av denne tida. Diskuter kva de opplevde, og korleis de reagerte.

Tilrå
8

Ordbok

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve