Skriv ut Lytt til tekst
 

Yrkessituasjonar

Hyggjekveld for eldre

Malin skal bli helsefagarbeidar. Ho har kome halvvegs i læretida si, og ho er no på langtidsavdelinga på sjukeheimen i kommunen. Det siste halvåret av læretida skal ho vere på sjukehus. Ei viktig oppgåve ho har, er å leggje til rette for aktivitetar og gode opplevingar for bebuarane.

Legg til rette for aktivitetar

Å vere aktiv er viktig for å trivast og for å halde oppe funksjonsevna si best mogleg. Éi av arbeidsoppgåvene til Malin er å leggje til rette for aktivitetar som passar for dei ulike bebuarane. Det kan vere både fysiske, mentale og sosiale aktivitetar.

Oppgåve: Yrkessituasjon

Mental og sosial aktivitet

Spill

Malin har lært seg mange forskjellige spel som ho kan spele saman med bebuarane.

Arbeid saman i grupper. Kvar gruppemedlem skal presentere eit spel for dei andre. Det kan vere eit kortspel, eit brettspel eller eit anna spel. Presentasjonen skal innehalde

  • spelereglane
  • talet på spelarar
  • kven spelet passar for
  • kor lang tid det kan ta


Tenk gjennom korleis presentasjonen bør vere for at han skal vere lett å forstå. Gruppa spelar spela før de lagar ein felles presentasjon som de framfører.

An error was encountered - Seria Platform

An error was encountered

No further description is available

KontrollpanelSeria Publisher

Ordbok

Fagleg

Praktisk stoff for

Andre ressursar

Frå NyGiv

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve