Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Personleg hygiene

Filmen handlar om personleg hygiene ved arbeid på kjøkken og i bedrifter som arbeider med matvareproduksjon. Du får sjå døme på smittekjelder, riktig handvask, riktige klede og inndeling av rein og urein sone på arbeidsplassen.

Tekstsamandrag av filmen

Først blir det vist bilete og animasjonar av ulike råvarer som fisk og grønsaker. På startplakaten står det "Personlig hygiene". Ein person et gatekjøkkenmat og blir sjuk av han.

Filmen viser oss gjennomgåande klipp frå to stader: eit industrikjøkken og ein produksjonshall for meieriprodukt.

Ein lærar på restaurant- og matfag fortel om kva personleg hygiene går ut på.

To personar på eit kjøkken set tommelavtrykka sine i ei petriskål. Etter fem dagar er prøven frå den reine fingeren framleis fin, og det ser ut som det har danna seg vassdropar i skåla. I prøven frå den skitne fingeren har det danna seg klynger med mange små svarte og grøne prikkar.

Når forteljarstemma snakkar om trygg mat, blir det vist tre avisoppslag. I det første står det "Gutt (1 ½) E. coli-syk". I det andre er overskrifta "Importbølge gir smitterisiko". I det tredje står det "Forgiftet av hummer".

Ein animasjon viser korleis mikroorganismar blir overførte frå ein person som nys, til ein person som gjespar. Klipp frå eit kjøkken viser situasjonar der skitne hender kan komme i kontakt med arbeidsflater og hendene til andre.

Læraren på restaurant- og matfag fortel om bruk av desinfeksjonsmiddel ved kjøkkenet deira.

To lærlingar i industriell matproduksjon fortel om rutinar for hygiene ved meieribedrifta der dei har praksis. Klipp frå arbeidskvardagen deira viser korleis dei følger opp rutinane i det daglege.

Spørsmål

  1. Kva er meint med trygg mat? Forklar.
  2. Teikn opp den produksjonslinja du jobbar på. Kva er reine og ureine soner? Beskriv desse.
  3. Kva er det som regulerer kva som er rein sone, og kva som er urein sone? Kva krav blir stilte til den personlege hygienen din?
  4. På kva måte er det størst fare for at du kan bringe smittestoff inn i produksjonslokala?
  5. Kva er bakteriar? Gi døme på nokre bakteriar du ikkje bør finne på eit kjøkken.
  6. Kva er mugg?

Praktiske oppgåver

  1. Kva er mikroorganismar? Pakk tre laksebitar på tre forskjellige måtar – ein vakuumpakka – ein i plastfilm – ein i papir. Oppbevar dei i same kjøleskapet. Kva for ein av dei utviklar synlege mikroorganismar først? Forklar kvifor.
  2. Ta avtrykk av til dømes kjøkkenreiskapar, arbeidsbenk, nøklar, myntar, reine og ureine fingrar i kvar si petriskål med agar. Skriv kva slags avtrykk som er teke, på kvar petriskål. Set petriskålene i eit varmeskap i nokre døgn, og sjå kva som skjer. Forklar kvifor nokre skåler har oppblomstring av mikroorganismar, mens andre ikkje har det.

Relatert innhald

CC BY-NC-NDRettshavar: Snöball Film AS
Sist fagleg oppdatert 12.03.2024

Læringsressursar

Hygiene og mikrobiologi