Hopp til innhald

Fagstoff

Sex, vald og rock ’n roll

Er framstillinga av sex og vald i media skadeleg eller nyttig? Og korleis bør vi reagere når media utfordrar moral og samfunnsorden?
Eit rockeband speler mens ein mann og ei kvinne har sex på scena. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Media utfordrar moralske normer og maktstrukturar

Mange er bekymra for medieinnhald som utfordrar moralske grenser eller etablerte maktstrukturar, spesielt med omsyn til påverknad av sårbare grupper som barn og unge. Forenkla sagt handlar desse bekymringane i alt vesentleg om tre ting: sex, vald og rock 'n roll. "Rock 'n roll" eit då eit bilete på medieinnhald som utfordrar vaksenkultur og maktelite.

Samfunnsskadeleg innhald

Definisjonen av kva som er samfunnsskadeleg innhald, avheng av kven som har makta i eit samfunn. Religiøse leiarar kan meine at medieinnhald som utfordrar religiøse dogme, er samfunnsskadeleg. Politiske leiarar vil meine at innhald som er i strid med den grunnleggjande samfunnsideologien, er skadeleg.

Media har ei mobiliserande kraft som gjer makthavarar urolege, fordi dei skaper ustabilitet og krav om samfunnsendringar. At sosiale medium ukritisk spreier , opplever mange som ein trussel mot demokratiet. Black Lives Matter og Metoo er døme på folkerørsler som utfordrar forholdet mellom kjønn og etniske grupper. Historier om overgrep og trakassering blir spreidde raskt i sosiale medium og resulterer i verdsomspennande demonstrasjonar.

Ungdomsopprør og rock 'n roll

Musikkindustrien har i fleire tiår løfta fram som utfordrar normene og verdiane av majoritetskulturen. Elvis Presley skapte på 50-talet moralsk panikk med sine tettsitjande skinnbukser og rockemusikk, som fekk vaksengenerasjonen til å halde seg for øyra.

På 60-talet blei The Beatles og The Rolling Stones førebilete for unge som lét håret gro, hadde fri sex og eksperimenterte med narkotika. På same måte utfordrar dagens punkarar og rapparar etablerte samfunnsnormer. Ein studie frå 2005 viste at 86 prosent av låtane i rappsjangeren inneheldt referansar til bruk av rusmiddel (Graven, 2007).

Det å vere ung handlar om å frigjere seg frå foreldra. Subkulturar oppstår ofte blant unge som ein protestreaksjon mot verdiane og normene til dei vaksne. Artistar som frontar opprør mot det etablerte, er derfor populære førebilete for oss i tenåra, og musikken blir gjerne eit "lydspor" som følgjer oss resten av livet.

Mange vaksne er med eller utan grunn bekymra for innverknaden musikalske førebilete har på unge.

Utforsk nærmare

Søk på Google etter svar på desse spørsmåla:

  • Kvifor blei det opprør då filmen Rock Around the Clock blei vist på Sentrum kino i Oslo i 1956 ?
  • Kven har sagt at "synda er komen til Jorda, men vi vil ikkje ha ho i fargar", og i kva samanheng blei dette sagt?
  • Kva skjedde med dei russiske punkrock-feministane i Pussy Riot?
  • Kva blei resultatet av Black Power-markeringa under OL i 1968?
  • Korleis blei Monty Python-filmen Life of Brian motteken i Noreg i 1980?
  • Kvifor var Svein Olaf Olsen oppteken av videovald?

Blir vi valdelege av å sjå vald i media?

Det er forska mykje på samanhengen mellom vald og mediebruk dei siste femti åra. Mykje av kunnskapen vår og mange av opplevingane våre stammar frå media. Men media opptrer i samspel med andre element i samfunnet, og våre eigne opplevingar og haldningar i nærmiljøet speler òg inn.

Scene frå dataspelet Call of Duty: Modern Warfare 3. Ein væpna soldat spring i eit krigsherja bylandskap. Skjermbilete.

I rettssaka etter terrorangrepet på regjeringskvartalet og AUFs sommarleir på Utøya 22. juli kom det fram at Anders Behring Breivik brukte dataspelet Modern Warfare til å øve seg på å skyte og drepe menneske. Er det slik at dataspel ikkje berre inspirerer til, men også er årsaka til slike uforklarlege handlingar som dei vi var vitne til 22. juli?

I ein kommentar i VG spør Hanne Skartveit om krigerske dataspel har trekt ein galen mann inn i ei verd der han ikkje lenger har klart å skilje mellom spel og verkelegheit (Skartveit, 2012).

Dei fleste medieforskarar konkluderer med at det ikkje finst tydelege årsakssamanhengar mellom medievald og det at folk sjølve utøver fysisk vald mot andre. Men dei meiner at valdelege personar ofte er tiltrekte av valdeleg medieinnhald i filmar og spel.

Psykologiprofessor Atle Dyregrov er ueinig i dette. Han meiner at psykologisk forsking klart viser at barn som speler valdelege dataspel, har større risiko for å utvise aggressiv åtferd og aggressive tankar (Dyregrov, 2004).

Er sex i media skadeleg?

Sex er eit grunnleggjande behov hos dei aller fleste menneske og ein sentral del av identiteten vår. Derfor er vi tiltrekte av medieinnhald som handlar om sex. Men vi er òg sårbare for slikt innhald, fordi det rører ved noko av det viktigaste og mest intime i livet.

Seksuell kontroll er nødvendig for at kulturar og samfunn skal bestå. Derfor finst det mange moralske normer og juridiske lover som regulerer kva som er "lovleg sex", og korleis sex kan framstillast i media. I Noreg forvaltar Medietilsynet lov om beskyttelse av mindreårige mot skadelige bildeprogram mv. (biletprogramlova).

Lova omfattar kino, video og TV. I dag kan sex visast usensurert for personar over 18 år, men ikkje for barn og unge. Innhald som blir spreidd via internett og strøymetenester, utfordrar derimot lova.

Informasjon og underhaldning

Media behandlar temaet seksualitet på ulike måtar:

  • Dei gir informasjon om sex.
  • Dei opnar for aktuell debatt om sex og kjønn og om seksuell åtferd.
  • Dei bruker sex i underhaldning og historieforteljing.
  • Dei presenterer sex som salsvare.

Skal media fortelje alt om sex?

Norske medium ser det i dag som eit samfunnsoppdrag å informere om ulike sider ved seksuallivet. NRK har spesielt teke ansvar for å lage informative program for barn og unge om sex, noko som har ført til ein debatt om kva som faktisk bør visast på TV.

Det kom sterke reaksjonar då Trond Viggo Torgersen i 1981 i NRK-programmet Kroppen sprengde grenser for det mange meinte var sømmeleg seksualundervisning for barn. I mange år blei Kringkastingsrådet overfløymde av klager om det mange meinte var usømmeleg innhald. Du kan lese meir om dette i NRKs artikkel "Sexkringkastingen". Men reaksjonane på program om sex og samliv har endra seg i takt med gjeldande seksualmoral i samfunnet.

TV-serien Skamløs (2020) tek opp tema det er knytt skam til, blant anna i innvandrarkulturar i Noreg. I første episode "Alt handler om sex" tek Sofia Srour og Nancy Herz eit oppgjer med mytar om jomfrudommen:

Aviser og blad har òg faste spalter om sex og samliv, og det finst tallause bloggar og nettsider som tek opp same tema. Eit døme på dette er informasjonssida om sex på ung.no. Slike sider gjer det enkelt å skaffe seg kunnskap om god og sikker sex og om ting det kan vere pinleg å spørje andre om. Men nokre medium vel å leggje vekt på pikante detaljar som først og fremst er eigna til å fremje sal eller gi fleire klikk.

Eit sant eller forvrengt bilete?

Vestleg kultur legg stor vekt på individuell fridom, også når det handlar om å tilfredsstille seksuelle lyster. Derfor er sex-scener som viser "alt", blitt eit vanleg innslag i filmar og TV-seriar. Men slik er det ikkje andre stader i verda. Vestlege filmar kan derfor verke vulgære og fråstøytande for dei som er vaksne opp i kulturar med ein strengare seksualmoral.

Vi ser òg mange døme på underhaldning der kvinner berre blir framstilte som eit objekt for menns begjær. Sex er òg eit element i forteljingar prega av maktbruk og vald. Nokre forskarar meiner at underhaldningsindustrien på denne måten bidreg til å skape eit forvrengt bilete av seksualitet og fjernar hemningar for åtferd som kan vere skadeleg for andre.

Mann med pistol kyssar kvinne på halsen. Foto.

kan sjåast som ein motreaksjon på eit medieskapt bilete av seksualitet på menn sine premissar. Kampanjen er fronta av kvinner som ikkje lenger lar seg trakassere seksuelt utan å ta til motmæle, fordi dei ikkje ønskjer å framstå som "seksuelt pripne" i ein seksualisert kultur.

Men underhaldning kan òg framstille sex på ein god, realistisk og reflektert måte. NRK-serien Skam (2016) har fått mykje ros for å ta opp viktige tema som homofili og seksuelle overgrep på ein fin og realistisk måte.

Sex til sals

Media er ein arena som blir brukt når sex er salsvare, til dømes ved distribusjon av pornografi og direktesende overgrep mot barn på nettet. Internett og sosiale medium er lite regulerte og når ut over alle landegrenser. Det er derfor vanskeleg å hindre eller regulere slik aktivitet. I sosiale medium er det òg lett å lure barn og unge til å dele seksualiserte bilete og videoar av seg sjølve med folk som ønskjer å misbruke slikt innhald til eiga vinning. I Noreg er det denne medieverksemda som i dag vekkjer størst bekymring.

Kjelder

Christiansen, A. (2004, 7. august). Kritisk psykolog. Aftenposten. https://www.aftenposten.no/kultur/i/xmPRX/kritisk-psykolog

Dyregrov, A. (2004). Debatten om barn og vold i mediene – et tilsvar. Tidsskrift for Norsk psykologforening, 41(11). 921–922. https://psykologtidsskriftet.no/debatt/2004/11/debatten-om-barn-og-vold-i-mediene-et-tilsvar

Graven. A. R. (2007, 28. desember). Dopreferanser i hver tredje låt. Forskning.no. https://forskning.no/alkohol-og-narkotika-media/dopreferanser-i-hver-tredje-lat/1008891

Kjølleberg, E. & Howlid, M. H. (2011, 7. november). Sexkringkastingen. NRK. https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/nrk-og-seksualopplysning-1.7859109

Skartveit, H. (2012, 26. april). Er dette ekte spillegalskap? VG. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/d68MO/er-dette-ekte-spillegalskap

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 11.04.2018

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad