Hopp til innhald

Fagstoff

Yrke i produksjonsprosessen

Her møter du nokre yrkesutøvarar som jobbar i mediebransjen. Dei har ulike roller og arbeidsoppgåver i produksjonsprosessen.

På jobb i Fædrelandsvennen

Vi følgjer journalist Birgitte Klækken på morgonmøtet i redaksjonen, blir med henne ut på reportasjeoppdrag og ser korleis ho skriv ut saka og tilpassar ho til sideoppsettet i morgondagens avis.

På jobb i Popsalongen

I 2010 følgde vi programleiar Siri Knudsen og lydteknikar Helgar Torgvær på jobb i radioprogrammet Popsalongen. Popsalongen var eit tre timars magasinprogram på NRK P3.

Vaktsjef radio i NRK Hordaland

Leif Kjartan Bjørsvik fortel om jobben som "vaktsjef radio" hos regionradioen NRK Hordaland.

Gravejournalist i Brennpunkt

Bli med Tarjei Leer-Salvesen på jobb som researcher i Brennpunkt i NRK.

På jobb i To fotografer

Fotografering av barn, konfirmantar og brudepar er vanlege oppdrag når du jobbar som fotograf. Vi følgde Liv Unni på jobb i firmaet To fotografer.

Ein dag hos reklamefotografen

Vi følgjer reklamefotografen Espen Nersveen "bak kulissane" i arbeidet med modellar, fotografering og etterbehandling av reklamebilete.

På jobb i reklamebyrået Reaktor

Møt medarbeidarane i reklamebyrået Reaktor: byråleiaren, tekstforfattarar, grafiske designarar og filmprodusentar.

Kommunikasjonssjef

Føremålet med ein informasjons- og samfunnskontakt i ein frivillig organisasjon er å fortelje kva ein driv med og skape ei positiv haldning til organisasjonen i befolkninga.

Filmregissør

Eit møte med regissøren Hans Petter Moland under filminnspelinga av En ganske snill mann gir oss eit innblikk i kvardagen til norske filmskaparar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 09.05.2018

Læringsressursar

YFF informasjonsteknologi og medieproduksjon