Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Foredrag om norsk avishistorie

Hald eit foredrag om norsk avishistorie for elevar i ei norskklasse på skulen din. Legg vekt på presentasjonsteknikk og illustrerande verkemiddel.
Kvinnelig foredragsholder. Foto.

Oppdraget

På skolen din arbeider norskelevane i Vg1 akkurat no med kompetansemålet:

  • gjer greie for mangfaldet av munnlege, skriftlege og samansette sjangrar og medium i det norske samfunnet i dag, og kva rolle dei spelar i offentlegheita

Du har fått i oppdrag å halde eit foredrag om norsk avishistorie for ei av desse klassene.

Oppgåve 1

Skriv manus til foredraget.
Tilpass innhaldet til målgruppa og finn ei form som gjer at du når fram med bodskapen din.

Oppgåve 2

Foredraget skal støttast av illustrerande verkemiddel. Illustrerande verkemiddel vil seie bilete, illustrasjonar, video og lyd.
Forklar kva du vil bruke, korleis du vil gjere dette, og kva du ønskjer å oppnå med dei verkemidla du har valt.

Oppgåve 3

Lag presentasjonen ved hjelp av presentasjonsverktøya PowerPoint eller Prezi.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2018

Læringsressursar

Mediehistoriske tidslinjer (fordjuping)