Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vekebladet Det nye 1957

Vekeblada var i distribusjon frå 1920-åra, men det var først på 50-talet at mediet voks fram til å bli det fjerde store massemediet i Noreg. Dei store familieblada Hjemmet, Allers og Norsk Ukeblad dominerte marknaden.
Allers og Illustrert
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Studer utgåva av vekebladet Det Nye frå 1957 på Issuu.ndla

  1. Kva slags stoff finn du i dette bladet?
  2. Kven trur du bladet vender seg til?
  3. Studer biletforteljinga I morgen er jeg voksen. Kva fortel denne teksten om kjønnsroller og det å vere ung på 1950 og 1960-talet?
  4. Lag ei liknande biletforteljing om livet til ei ung jente i dag. Tenk deg at forteljinga skal stå på trykk i Det Nye.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2018

Læringsressursar

Medieutvikling og mediehistorie