Hopp til innhald

Fagstoff

Likningar med rasjonale uttrykk

Korleis kan vi løyse likningar som inneheld rasjonale uttrykk?

Ein brøk er ikkje definert når nemnaren er lik null. Vi må difor vere spesielt merksame når vi løyser likningar med rasjonale uttrykk der den ukjende opptrer i nemnaren.

Vi ser på følgjande likning.

12x-2+2x-3=x-2x2-4x+3

Samnemnaren til desse brøkane er 2x-1x-3.
Du kan sjå korleis vi kjem fram til det i artikkelen: Meir om forenkling av rasjonale uttrykk, der vi har dei same brøkane.

Eventuelle løysingar som gir x=1 eller x=3 må då forkastast fordi ein eller fleire av brøkane ikkje er definert for desse x-verdiane. Før vi går i gong og løyser likninga, markerer vi dette ved å skrive x1, x3, øverst til høgre. (Sjå nedanfor.)

Så går vi i gang med sjølve løysinga. Det første vi gjer er å multiplisere med samnemnaren på begge sider av likskapsteiknet. Kvifor er dette lurt? Jo, fordi vi då kan forkorte brøkane og står igjen med ei likning utan brøkar.

12x-2+2x-3=x-2x2-4x+3               ,             x1,  x3

1·2·x-1x-32x-1+2·2x-1x-3x-3=(x-2)·2x-1x-3x-1x-3                              x-3+4x-1=x-2·2                                x-3+4x-4=2x-4                                  x+4x-2x=-4+3+4                                            3x=3                                              x=1

Likninga har inga løysing fordi ein eller fleire av brøkane ikkje er definert for x=1.

Legg merke til kor enkel likninga blir så fort du har multiplisert med samnemnaren på begge sider av likskapsteiknet!

Før vi går vidare, skal vi sjå på ein særs viktig skilnad.

I artikkelen: Meir om forenkling av rasjonale uttrykk viser vi korleis vi trekkjer saman og forkortar uttrykket.

12x-2+2x-3-x-2x2-4x+3

På sida her har vi vist korleis vi løyser likninga

12x-2+2x-3=x-2x2-4x+3

Merk deg skilnaden på desse to! Den eine er eit uttrykk, den andre er ei likning. Her er det fort gjort å gjere feil!

I begge tilfelle finn vi først samnemnaren. Men kva gjer vi så?

Då vi løyste likninga, multipliserte vi med samnemnaren på begge sider av likskapsteiknet og fekk ei enkel likning utan brøkar. Dette kan vi gjere i ei likning fordi vi kan multiplisere med same uttrykk på begge sider i ei likning og framleis behalde likskap mellom venstresida og høgresida.

Men når vi skal trekkje saman og forkorte eit uttrykk, kan vi ikkje multiplisere med samnemnaren fordi uttrykket då endrar verdi. Det vi gjorde her, var å utvide kvar av brøkane slik at alle fekk same nemnar, samnemnaren. Så sette vi på felles brøkstrek og trekte saman.

Løyse likninger med rasjonale uttrykk i GeoGebra. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ved CAS i GeoGebra får vi også som resultat at likninga ikkje har løysing. Legg merke til korleis dette blir markert ulikt ettersom vi brukar kommandoane «NLøys» eller «Løys».

CC BY-NC-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2019

Læringsressursar

Faktorisere andregradsuttrykk ved hjelp av nullpunktmetoden