Hopp til innhald

Fagstoff

Diagram

Det er lettare å forstå talverdiar når dei blir framstilte visuelt. Reknearkprogramma har innebygde vegvisarar som gjer det enkelt å lage ulike typar diagram. Det er viktig å velje ein diagramtype som gjer at tala blir enklast mogleg å forstå.
Ein vegg laga av treplankar. På veggen er det grupper på fem og fem strekar, skrivne med krit. Kvar femmargruppe består av fire parallelle, loddrette strekar og ein diagonal strek som går tvers gjennom dei fire loddrette strekane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar diagram

I reknearkprogrammet finst det mange ulike diagramtypar å velje mellom, men ikkje alle eignar seg like godt til å vise alle typar data. Du må derfor tenkje gjennom kva diagramtype som presenterer dataa dine på den mest oversiktlege måten, ikkje berre ta eit diagram som du synest ser fint ut.

Dei tre vanlegaste diagramtypane er stolpediagram, linjediagram og sektordiagram.

Stolpediagrammet eignar seg best når du skal vise verdiar som kan samanliknast direkte.

Stolpediagram i Excell. Langs y-aksen står talverdiane 0, 5, 10, 15, 20, 25, 30 og 35 oppførte. Langs x-aksen står tala éin til seks. Ved kvart tal er det plassert to stolpar, slik at ein kan samanlikne verdiar frå to undersøkingar.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Linjediagrammet er best eigna til å vise trendar over tid, eller mange verdiar samla. Skal du til dømes vise korleis temperaturen har utvikla seg kvar dag gjennom eit heilt år, blir det altfor mange stolpar om du vel eit stolpediagram. Eit linjediagram, derimot, viser tydeleg utviklinga i temperaturen.

Linjediagram. Langs y-aksen står verdiane 0, 10, 20, 30, 40 osv., heilt opp til 70. Langs x-aksen står tala 1, 2, 3 osv., til og med 6. For kvart tal i x-aksen er det ført opp ein verdi y i diagrammet, og det er trekt ei linje langsmed dei enkelte verdiane.  Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Sektordiagrammet kan berre brukast til å vise eitt sett data, men det fungerer bra når du vil vise kor stor del kvart av enkeltelementa utgjer av heilskapen.

Sektordiagram. Ein sirkel som er delt opp i kakestykkeliknande bitar som viser kor stor prosentdel dei enkelte elementa utgjer av heilskapen. Bitane er haldne i ulike blåtonar. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge



Det finst òg andre diagram, til dømes overflatediagram, boblediagram og radardiagram. Dei blir brukte til å framstille visse typar data grafisk. Du kan eksperimentere med dei ulike diagramtypane for å sjå korleis dei ser ut, men ver forsiktig med å bruke spesielle diagramtypar til å vise vanlege data i eit rekneark.

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2017

Læringsressursar

Statistikk og kjeldekritikk