Hopp til innhald

Fagstoff

Real Life Auto

Har du lyst å teste ferdigheitene dine som trafikksikker sjåfør? Trygg Trafikk har laga dataspelet Real Life Auto. Her kan du vise kva du kan om trafikktryggleik i praksis.

Kva er Real Life Auto?

Real Life Auto er eit e-læringskurs om trafikktryggleik, for all ungdom i alderen 15-20. Real Life Auto er ikkje ein haldningskampanje, men eit gratis digitalt verktøy for å arbeide med kunnskap og eigne haldningar i trafikken. Det fungerer best når ein veileder (ein lærar) ber ei gruppe om å gjennomføre kurset, og ber om at attesten ein får ved kursets slutt blir sendt til ein epostadresse for stadfesting på fullføring. Deretter er det naturleg at denne gruppa kan dele tanker om innhaldet i kurset og snakke om eigne erfaringar og haldningar til åtferd i trafikken. Meir informasjon om kurset finn du på Trygg Trafikk.

Real Life Auto rettar seg spesielt mot elevar innanfor yrkesfaglege studieprogram, lærlingar som allereie er ute i lærebedrift, og bedrifter som har lærlingar.

Real Life Auto

  • er utforma som eit dataspel
  • har personleg innlogging og registrering
  • tek om lag 45 minutt å spele
  • inneheld filmar, mini-spel, quizar, dilemmaøvingar og faktaopplysningar
  • inneheld ei nasjonal toppskårliste der dei beste poengsummane jamleg blir premierte
  • tek føre seg temaa rus, fart, bilbelte, økonomi/forsikring, elektroniske hjelpemiddel i bil og sikring av last
  • genererer ein trafikktryggleiksattest til dei som gjennomfører spelet

Trafikktryggleiksattest

Når ein har gjennomført Real Life Auto, blir det generert ein mellombels trafikktryggleiksattest som er gyldig i sju månader. Attesten er dokumentasjon på at ein har gjennomført modulen med sentrale trafikksikringstema, og kan mellom anna leggjast ved søknader om lærlingplass, eller bedrifter kan be lærlingane sine om å vise fram attesten som dokumentasjon på at dei har fullført opplæringsmodulen.

For å få ein fullverdig trafikktryggleiksattest som ikkje er tidsavgrensa, må ein etter sju månader logge seg inn på Real Life Auto på ny og gjennomføre ein oppfølgingsmodul.

Klar for å prøve? Klikk her: Real Life Auto

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Trafikk og transport