Fagstoff

Avslutning av rekneskapen

Publisert: 10.01.2012, Oppdatert: 04.03.2017
  • Innbygg
  • Enkel visning
  • Lytt til tekst
  • Skriv ut
Abacus

Dei fleste bedriftene sluttfører rekneskapen kvar månad. Etter at året er omme, følgjer årsavslutninga, som er mykje meir krevjande enn månadsavslutningane. Alle er dei likevel viktige for at vi skal kunne følgje den økonomiske utviklinga. Årsavslutninga er òg eit av dei viktigaste krava i rekneskapslovgivinga.

Fasane i avslutninga av rekneskapen

Arbeidet med årsavslutninga kan delast i tre fasar:

  • Kontroll av at alle vedlegg er med, og at alt er ført korrekt
  • Kontroll av at vi har ført alle inntekter og alle kostnader i rett periode
  • Utrekning av skatten og ei fastsetjing av kva vi skal gjere med overskotet eller underskotet

Kontroll av at alle vedlegg er med, og at alt er ført korrekt

Kontorlandskap
Fotograf: Dag Jenssen
 

Vi kan sjølvsagt ikkje kontrollere kvart einaste vedlegg, men ved hjelp av teknikkar som vi kallar avstemmingar, kan vi finne dei fleste feila.

Den viktigaste avstemminga er bankavstemminga. Her kontroller vi alt vi har ført på bankkontoen vår, mot det banken har ført. Vi hukar av post for post. Dersom vi oppdagar at banken har ført vedlegg som vi ikkje har ført i rekneskapen vår, må vi finne årsaka til det. Er grunnen at vi har gløymt å føre vedlegget, må vi føre det no. Etter at vi har gjennomført heile kontrollen og gjort eventuelle rettingar, skal vi ha same saldoen som banken har.

Dersom vi følgjer opp avstemmingar gjennom heile året, blir ikkje årsavslutninga så krevjande.

Kontroll av at vi har ført alle inntekter og alle kostnader i rett periode

Kontroll av at alle inntekter og kostnader er førte i rett periode, kallar vi periodisering. Vi skal ikkje gå nærare inn på det her. Men vi kan nemne at når vi kjøper inn noko, for eksempel varer for vidaresal, kallar vi det ei utgift. Når vi finn ut kor mykje vi har brukt (forbrukt eller levert til kundane), har vi funne kostnaden i perioden.

Utrekning av skatten og ei fastsetjing av kva vi skal gjere med overskotet eller underskotet

Revisor.Revisor
Fotograf: David Trood

  

Skatten må reknast ut. For store bedrifter er dette oftast så krevjande at det er revisor som gjer utrekningane. For eit lite firma er arbeidet relativt enkelt.

Dernest kjem spørsmålet om eit eventuelt overskot skal betalast ut til eigarane som utbytte, eller om det skal bli ståande i bedrifta. Lèt vi overskotet stå i bedrifta, aukar vi eigenkapitalen.

Framgangsmåten

Vi skal no sjå korleis vi sluttfører kontoane etter at vi har gjennomført dei tre punkta framanfor.

Ei «rå» summering av alt som er ført i debet og kredit på kvar konto i ein periode, kallar vi råbalanse. Råbalansen til blomsterbutikken står øvst i tabellen.

På grunn av plassen har vi samla alle faste kostnader i ein konto. Vi har òg slått saman alle eigedelane i ein konto, og vi har slått saman lån og leverandørgjeld som gjeld.

Under kvart punkt viser vi dei radene som gjeld sjølve punktet.

1. Råbalansen må vere summert.

 
 Eigedelar
 Eigenkapital
 Gjeld
 Sal
 Varekostnader
Faste kostnader
 
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
Rå-
balanse
253 294
53 987
   
100 000
35 000
118 500
   
2 000 000
1 023 897
23 897
984 103
  

 

2. Finn saldoen på alle inntekts- og kostnadskontoane og før dei på rada Til/frå resultat «motsett veg», slik at summen av debet og kredit på kontoane blir like stor. Før så desse saldoane over til oppstillinga for resultatrekneskapen, som du finn i punkt 3. Legg merke til at vi følgjer det doble bokføringsprinsippet.

 

 
 Eigedeler
 Eigenkapital
 Gjeld
 Sag
 Varekostnader
Faste kostnader
 
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
Råbalanse
253.294
53.987
   
100.000 
35.000   
118.500
      
2.000.000 
1.023.897
23.897
984.103
    
Til/frå resultat
           
2.000.000
   
1.000.000
 
984.103

 

3. Finn resultatet i oppstillinga over resultatrekneskapen, og før det tilbake til rada Til/frå resultat mot eigenkapitalen. Legg merke til at vi følgjer det doble bokføringsprinsippet.

 

Resultatrekneskap
Kostnader Inntekter
Varekostnader 1 000 000 Sal 2 000 000
Faste kostnader 984 103

Sum 15 897  

 

 
 Eigedelar
 Eigenkapital
 Gjeld
 Sal
 Varekostnader
Faste kostnader
 
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
Råbalanse
253.294
53.987
   
100.000 
35.000   
118.500
      
2.000.000 
1.023.897
23.897 
984.103
    
Til/frå resultat
     
15.897
   
2.000.000
   
1.000.000
 
984.103

 

4. Finn saldoane på balansekontoane og før dei på rada Til balanse. Før dei mot balanseoppstillinga.

 

 
 Eigedelar
 Eigenkapital
 Gjeld
 Sal
 Varekostnader
Faste kostnader
 
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
D
K
Råbalanse
253.294
53.987
   
100.000 
35.000   
118 500
      
2.000.000 
1.023.897
23.897
984.103
    
Til/frå resultat
     
15.897
   
2.000.000
   
1.000.000
 
984.103
Til balanse
 
199.397
115.897
 
83.500
             
Sum
253.294
253.294
115.897
115.897
118.500
118.500
2.000.000
2.000.000
1.023.897
1.023.897
984.103
984.103

 

Balanse
Eigedelar Eigenkapital
og gjeld
Eigedelar 199 397 Eigenkapital 115 897


Gjeld 83 500
Sum  199 397   199 397

 

Måke snø
Fotograf: Tore Wuttudal
  

Etter at årsavslutninga er gjennomført, har blomsterbutikken Beate det resultatregnskapet og den balansen som du ser ovanfor. Korleis gjekk det for Beate, synest du? Ser du at overskotet er ført mot eigenkapitalen, og at overskotet dermed har auka tilsvarande?

Eit meir komplett oversyn

Nedanfor gir vi eit meir komplett oversyn over resultatrekneskapen og balansen. Her har vi ikkje summert så mange postar mot ein konto.

Resultatrekneskap
Inntekter 2 000 000
Varekostnad 1 000 000
Dekningsbidrag 1 000 000
Lønn 709 246
Husleige 120 000
Straum 48 000
Telefon 18 000
Forsikring 10 000
Avskriving 18 857
Innpakning/folie 50 000
Diverse kostnader 10 000
Sum faste kostnader 984 103
Resultat 15 897

 

Balanse
Eigedelar Eigenkapital
og gjeld
Reklame 25 000 Aksjekapital 115 897
Inventar 32 000
Langsiktig lån 70 000
Datautstyr 25 000 Leverandørgjeld 13 500
Kjølerom 50 000    
Varelager 50 897    
Bankinnskot 15 000    
Kontantar 1 500    
Sum  199 397
  199 397
Oppgåver

Aktuelt stoff for