Hopp til innhald

Fagstoff

Kontoar i rekneskapen

Her skal vi sjå korleis dei ulike postane i rekneskapen får tildelt kontoar, med namn og kontonummer. Vi skal òg lære om kontoplan.
Eit par briller ligg på eit rekneskapsark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontoplan

Oversikta over alle kontoane kallar vi kontoplan. Han gir ei systematisk oversikt over kvar vi skal føre bilaga. Kontonummera er ekstra viktige når vi skal føre rekneskap på data.

Vi skil mellom kontoar som høyrer heime i resultatrekneskapen og i balansen. Vi gjer det ved å bruke såkalla kontoklassar:

  • Klasse 1: Eigedelar
  • Klasse 2: Eigenkapital og gjeld
  • Klasse 3: Inntekter
  • Klasse 4: Varekostnader
  • Klasse 5: Løn
  • Klasse 6: Administrative kostnader
  • Klasse 7: Administrative kostnader
  • Klasse 8: Renter, finans og skatt

Som du ser, er klassane 1 og 2 knytte til balansen, mens klassane 3–8 er knytte til resultatrekneskapen. Nummeret på kontoklassen utgjer det første sifferet i eit kontonummer som normalt har fire siffer. Til dømes er alle 3000-kontoane ulike typar inntektskontoar.

Kontoklassar

Nedanfor følgjer ei oversikt der vi har sett kontoklassane i eit system:

Balanse

Debet

Kredit

Eigedelar

Eigenkapital
og gjeld

Klasse 1

Klasse 2


Resultat

Debet

Kredit

Kostnader

Inntekter

Klasse 4: Varekostnader

Klasse 3: Inntekter

Klasse 5: Løn

Klasse 6: Administrative kostnader

Klasse 7: Administrative kostnader

Klasse 8: Renter, finans og skatt

Nedanfor har vi sett inn diverse kontoar med namn og nummer.

Balanse

Debet

Kredit

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Kontonummer

Kontonamn

Kontonummer

Kontonamn

1200

Inventar

2000

Eigenkapital

1230

Varebil

1460

Varelager

2200

Gjeld

1920

Bank


Resultat

Debet

Kredit

Kostnader

Inntekter

Kontonummer

Kontonamn

Kontonummer

Kontonamn

4300

Varekost

3000

Sal

5000

Løn

6300

Husleige


6800

Telefonkostnad

Norsk Standard kontoplan

Norske bedrifter bruker stort sett ein standard kontoplan som blir kalla Norsk Standard kontoplan (NS 4102). Ved hjelp av lenkja hentar du fram eit døme på ein enkel kontoplan. Kor mange siffer er det i kvart kontonummer?

Korleis kontoplanen er bygd opp

1 Eigedelar (klasse)

12 Transportmiddel (gruppe)

123 Bilar (undergruppe)

1231 Bil 1

1232 Bil 2

Her ser du kontoklasse 1, Eigedelar, men vi bruker òg kontogrupper (i dette tilfellet kontogruppe 12 for transportmiddel). Ein godsbil er ein eigedel som høyrer heime i klasse 1. Vidare høyrer han heime i gruppe 12, som er transportmiddel, og i undergruppe 123, som er bilar. Éin bil kan då få kontornummeret 1231, ein annan 1232 osb.

Ei anna kontogruppe kan vere 14. Klasse 1 er eigedelar, mens kontogruppe 14 gjeld varelager.

Nedanfor viser vi nokre av dei mest brukte kontogruppene:

BALANSE

Debet

Kredit

Eigedelar

Eigenkapital og gjeld

Kontogruppe-nummer

Kontogruppe-
namn

Kontogruppe-nummer

Kontogruppe-
namn

11

Bygg

20

Eigenkapital

12

Varer og driftsmiddel

21

Forpliktingar

14

Varelager

22

Langsiktig gjeld

15

Kundefordringar

23-29

Kortsiktig gjeld

RESULTAT

Debet

Kredit

Kostnader

Inntekter

Kontogruppe-nummer

Kontogruppe-
namn

Kontogruppe-nummer

Kontogruppe-
namn

43

Varekost

30

Sal

50

Løn

36

Husleigeinntekter

63

Husleige


68

Telefonkostnad

81

Rentekostnader

80

Renteinntekter

Det er til stor hjelp å følgje ein slik standard når vi skal føre rekneskap. Vi kan registrere kontoplanen i eit rekneskapsprogram. Ved å bruke riktig konto blir bilaget (hendinga) styrt inn på rett plass i rekneskapen. På den måten blir ein rapport (utskrift) over resultatrekneskapen eller balansen korrekt. Det vil seie at alt kjem i riktig rekkjefølgje.

I eit rekneskapsprogram er det nummeret på kontoen som er viktigast, ikkje sjølve namnet. Men det er lurt å bruke eit kontonamn som gir deg best mogleg informasjon om kva type konto det er snakk om.

I tillegg til at kontoane har nummer og namn, har dei ein kode for meirverdiavgift, mva. (moms). På den måten sørgjer programmet for at vi får riktig meirverdiavgift.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.10.2022

Læringsressursar

Rekneskap